Skjulte innsjøar truar bygder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor Jostein Bakke ved institutt for geovitenskap på Universitet i Bergen kjem med dystre spådomar for framtida til ei rekkje busetnader under Folgefonna. Ifylgje NRK er bygda Måge i Hardanger mest utsett for flaum på grunn av klimaendring og bresmelting.

– Det er ikkje eit spørsmål om vatnet kjem ned, men når, seier professoren til NRK.

Det siste året har Bakke leia eit arbeid for å kartlegga topografien under Folgefonna, landets tredje største isbre. Folgefonna ligg i Hardanger og dekker område i kommunane Odda, Ullensvang, Jondal, Etne og Kvinnherad. Den verna Mosneselva på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune, er ei av elvene som har vatn som kjem frå Folgefonna.

Forskarane oppdaga heile 64 større og mindre innsjøar under isen. Den største er fire til fem kvadratkilometer og er 70 meter djup. I utgangspunktet er ikkje dette ein fare, men ifylgje Bakke kan breen kalva og isen laga flodbylgjer som kan skvulpa over kanten.

Innsjøane under Folgefonna har vore skjulte i over 2.000 år, men på grunn av klimaendring trekkjer dei seg nå tilbake og kan føra til flaum. Bakke trur dette kan skje alt frå ti til 40 år fram i tid, avhengig av kor varmt det blir.

NVE karakteriserer opplysningane som svært interessante. Bakke vil nå kartlegga topografien under dei andre isbreane i Noreg. Han trur eit hundretals norske bygder kan vera utsette for denne faren.

Les saka i Grannar!