Reisande i liv og røre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit jorde er ikkje berre eit jorde for denne utflytte hemsedølen. Det er ein potensiell arena. Til dømes til «railjam» (sjå faktaboks). Årets Bjerkan Invitational på Fausko-jordet i Hemsedal denne påska, kan bli det siste i si noverande form.

– Me har vakse for kvart år. No er det fjerde gongen. Ambisjonane er å ta det endå eit skritt vidare neste år, seier Christoffer Fauske Bjerkan.

Har ambisjonar
Og det skal ikkje stå på ambisjonane. I forkant av Snowboard-VM i februar i år var han prosjektleiar og arrangementssjef for eit spektakulært «kickoff-show» på Jernbanetorget ved Oslo S. «Junkyard In The City» vart til den største rail-konkurransen som er blitt arrangert i Skandinavia nokon gong. Eit publikum på om lag 20.000 vart ståande og måpe.

Dei beste i verda
22 av verdas beste brettkøyrarar på rails (rekkverk og andre greier, red. merk) var invitert med. Eit 15 meter høgt stillas vart reist på toppen av jernbanetrappa. I sjølve trappa vart det bygd opp eit halvmeter høgt stillas i treverk, kledd i finérplater med rails på toppen. Vel 30 lastebillass med snø vart henta frå Holmenkollen og dandert utover i anlegget. To enorme storskjermar overførte bileta direkte på staden og på TV2 Sumo.

SJÅ OGSÅ: Her er dei beste videoane frå Ekstremsportveko!

Gjer det meste sjølv
– Det var veldig artig å sjå at tilfeldig forbipasserande stoppe opp for å få med seg moroa, seier Fauske Bjerkan.

Kring 100 personar var involvert. Fauske Bjerkan heldt styr på 25 samarbeidspartnarar. Det meste har han gjort sjølv. Planlegginga hadde tatt eit år. Det var tenkt store tankar.

– Målet var å plassere Norge og Oslo på kartet som ein snøbrettdestinasjon og vise resten av verda at me har mykje og by på når det kjem til vinteraktivitetar.

Tilbod inne og ute
Ikkje noko mindre. Den tidlegare alpinisten frå Tuv i Hemsedal har lagt eigen skikarriere på hylla. Når han no trekkjer i trådane for at andre skal få prøvd seg, er han likevel ikkje vond å be. Difor er han stadig å sjå i luftige svev over hoppkanten, rekkverk eller andre meir eller mindre laglege ting, også i Hemsedal. Det er fjerde gongen han inviterer til slik leik med ski og brett på jordet. Førebels er det i Oslo han har sitt daglege virke, men i framtida kan det bli både å flytte heim og å flytte ut. Dei siste åra har jobbtilboda nærast stått i kø.

– Det er absolutt gøy når det tikkar inn nye jobbtilbod. Det er akkurat som ein får eit «klapp på skuldra», og ei stadfesting på det ein gjer er bra.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!

Faktaboks

Rail Jam: Uhøgtideleg og sosial leik på snøbrett.

Rails: Stålrøyr, tre eller andre objekt som kan brukast til å skli med brettet på, såkalla «slide».