Her er det kjekt å vera på museum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein knall oransje gang leier inn mot utstillingane i Kunstlab i Bergen. Her heng bileta noko lågare enn i ei vanleg utstilling.

– Kunstlab er retta mot barn og unge, men det kjem òg vaksne her som fortel at dei plutseleg ser på kunst på ein heilt ny måte, seier Torunn Myrva, leiar for formidling ved Bergen Kunstmuseum.

Bergen Kunstmuseum er det einaste kunstmuseét i Noreg med eige avdeling for barn og unge. Museet måtte sjå til Danmark for å hente inspirasjon.

Les meir om Statens museum for kunst og Lousiana i Danmark.

– Vi er stolt over at vi har det einaste museet som er tilrettelagt for born og unge i Noreg. Eg synast at dette burde vore eit tilbod òg ved nasjonalmuseet i Oslo, seier Myrva.

Ho oppmodar andre museum om å lage eigne tilbod retta mot born og unge. Kvar veke tek ho imot barnehagar og klassar frå barneskuler og ungdomsskuler.

Forvirra og svimmel
Hans Gopal Hjelle Skjenken (11) og Ingeborg Våge (11) frå Flaktveit skule er innom saman med klassen. Dei sit i verkstaden og har nettopp lært om fargar og korleis dei kan påverke oss.

– Det oransje rommet gjorde at eg vart heilt svimmel, seier Ingeborg.

– Eg følte meg heilt forvirra, seier Hans.

Ingeborg synest at museum ofte høyrast keisamt ut.

– Ofte seier eg ”åh, må vi dra på museum…”. Men det er kjekt å vere på museum når vi kan vere ein stad som dette og gjere mykje sjølv, som å male, seier ho.

Hans synst det er interessant å lære meir om korleis kunsten har vorte laga og kva for motiv kunstnaren har.

– Bileta har stor verdi. Kunstnarane prøvar å vise kjensler i bileta sine. Munch syner til dømes redsel i maleriet ”Skrik”, seier han.

Aktive besøkande
Bergen Kunstmuseum har ynskt å skape eit tilbod der barn og unge kan delta aktivt og ikkje bere vere passive mottakarar når dei er på kunstmuseum.

– Poenget her er å lære dei å sjå bevisst og setje ord på det dei ser. Dialog viktig, ein skal ikkje berre få ting servert. Her vil vi ha diskusjonar, seier Myrva.

I Kunstlaben er det mogleg å lage tredimensjonale bilete med strikkar knytt på tvers inne i eit lite rom. Ein kan leike detektiv og sjå korleis gamle bilete ser ut på baksida, eller ein kan sjå video om korleis dei gamle og verdifulle maleria vert oppbevart når dei ikkje heng i ei utstilling.

I verkstaden kan ein lære om korleis fargane påverkar oss og kva vi føler når vi ser dei ulike fargane.

I kunstlaben har dei vektlagt rom, fargar og former. Her kan du blande fargar, finne formar og sjå ting frå fugleperspektiv eller froskeperspektiv.

Les meir om Kunstlab!

– Kvifor er det viktig med eigne tilbod til born og unge?

– Vi når barn og unge på ein heilt anna måte. Og vaksne kjem òg her og seier at dei har lært noko. Barn og unge fortener å få eigne utstillingar, seier Myrva.

Ho meiner å sjå ei utvikling der stadig fleire unge vaksne kjem til museet på eige hand.

– Eg trur det har noko med at dei som er unge vaksne nå, har fått fleire kulturelle tilbod gjennom skule og barnehage enn tidlegare generasjonar.

Myrva synest det er viktig at unge får moglegheita til å verte kjent med kunst og kunstmuseum.

– Kunsten kan på ulike måtar fortelje om korleis det er å vere menneske og korleis det har vore å vere menneske. Utstillinga vår her no handlar om identitet. Det er ein oppteken av heile livet, seier Myrva.