Sløsar mest med straum i verda
Berre Island ligg føre oss i straumforbruk. Meir medvit på kva forbruket faktisk kostar kan kanskje redusere sløsinga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vi bruker dobbelt så mykje straum som svenskane og 70 prosent meir enn danskane. Også om sommaren toppar Noreg straumforbruksstatistikken.
Og vi bruker straum for millionar av kroner til saman. Det er oppvarming, vassoppvarming og lys som utgjer dei største utgiftspostane.
Selskapet Miljøvakt AS har utvikla produktet eWave, eit energidisplay som måler straumforbruket i kroner og øre. Straumdisplayet skal vere med å synleggjere straumforbruket vårt og hjelpe hushald med å spare straum.
– Når ein tydeleg ser den økonomiske gevinsten ved å spare straum, trur vi på ein verknad ganske raskt hos dei fleste hushalda. Derfor har vi utvikla eit produkt der kronene vert synleggjort per kWh du brukar. Slik kan forbruket av straum bli kontrollert direkte, fortel Stein O. Rivelsrød, som saman med Gunnar Skalberg er oppfinnarane av produktet.
Granskingar som Miljøvakt har gjort i samarbeid med Sintef viser at eWave kan gjere sitt til at eit gjennomsnittleg hushald reduserer straumforbruket sitt med opp til 20 prosent. For eit hushald med eit årleg elektrisitetsforbruk på 25.000 kWh svarer ein reduksjon på 20 prosent til ein nedgang på om lag 4.500 kroner i året. (©NPK)