– Bjørn Eidsvåg før si tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser først og fremst på Bjørn Eidsvåg som låtskrivar. Han har alltid vore flink til å hylla medmusikarane rundt seg som avgjerande for det musikalske uttrykket sitt. Likevel kjem ein ikkje unna at Eidsvåg er ein framifrå vokalist med eit særpreg som eg meiner er vesentleg for uttrykket, seier Mongstad til nettavisa Ballade.

I tillegg meiner han Bjørn Eidsvåg har ein særeigen måte å spela gitar på, noko som igjen skapar eit karakteristisk lydbilete.

Mongstad meiner vidare at eit bevisst byte av produsent fleire gonger truleg er ein av grunnane til at Eidsvåg har greidd å utvikla seg som musikar og halde det gåande i så mange år. (©NPK)