16 millionar til natur i skulen
I år har «Den naturlege skulesekken» fått meir pengar til skuleprosjekt som flyttar undervisninga utandørs. Skular, frivillige organisasjonar og andre aktørar kan no søkje stønad frå staten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I fjor fekk om lag 100 skular tilskot til å utvikle og gjennomføre undervisningsopplegg utandørs, i skulen sitt nærmiljø. I år er det sett av meir pengar til natursekken, slik at fleire skular kan vere med.
– Vi veit enno ikkje kor mange skular som vil få støtte. Det kjem an på kor mange gode søknader vi får. Vi håpar dei blir mange før fristen for å søkje går ut 20. april, seier seksjonssjef Roar Skuterud i Direktoratet for naturforvaltning.
«Den naturlege skulesekken» er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet. Det er Utdanningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning som står for gjennomføringa av prosjektet. Naturfagsenteret står for den daglege drifta, og er ansvarleg for nettsida www.natursekken.no.
Natursekken skal bidra til at natur og samfunn, miljø og berekraftig utvikling får auka merksemd i skulen. Det er ein føresetnad for å få stønad at undervisninga ikkje går føre seg berre i klasserommet, men at skulane tek i bruk naturen og skulen sitt nærmiljø som læringsarena.
Opplegget skal vere forankra i læreplanverket i skulen, inkludere fleire fag og helst ta opp lokale problemstillingar.
Også frivillige organisasjonar kan få støtte gjennom «Den naturlege skulesekken». To millionar kroner er sett av til organisasjonar og andre aktørar som ynskjer å samarbeide med skular om ulike aktivitetar. Søknadsfristen for desse midlane er sett til 10. mai.
– Mange natur- og miljøorganisasjonar har kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar som kan tilføre noko viktig til skuleverket. Vårt mål er å hjelpe begge partar til å finne fram til gode samarbeidsprosjekt til beste for elevane, seier Roar Skuterud.
Natursekken har i 2012 eit samla budsjett på 16 millionar kroner. Miljøverndepartementet har løyvt 10 millionar, dobbelt så mykje som i fjor. I tillegg kjem seks millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet. (©NPK)