Har ledd i fleire hundre år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det nokon som har klart å lura deg i dag? Du er i så fall langt i frå den einaste som er lurt gjennom historia. Tradisjonen med aprilsnarr er mange hundre år gamal.

Her i Europa skal det heile ha byrja i Frankrike. Ved overgangen til den gregorianske kalenderen, som i Frankrike skjedde i 1582, blei nyttår flytta til 1. januar, og dei som framleis praktiserte gamalt nyttår ved vårjamdøger «ga ein aprilfisken», eller donner le poisson d'avril som det heiter på fransk. Det var om å gjera å få hengt ein utklippa papirfisk på ryggen til vedkommande.

Men narring har det vore mykje av mykje tidlegare òg. Under vårfestane i det gamle Romerriket var det vanleg å narra. Kvinnene kunne kle seg som menn, og omvendt. Og rotne tomater og mjøl blei ofte kasta.

Den eldste narretradisjonen kjem frå Iran. Sizdah Be-dar heiter denne, og skal ha blitt feira heilt tilbake til 536 før Kristus. Den 13. dagen i det persiske nyåret fell anten på 1. april eller 2. april, og har fått mange til å tru at dagen er alle aprilsnarrars mor.

Kanskje har du klart å avsløra aprilspøken vår? Så langt me veit, er det i alle fall klart at Helsetilsynet neppe har sett i verk krisetiltak for å få distribuert rundt nok angrepiller til tomme apotek og bensinstasjonar etter gårsdagens Earth Hour-markering.

Og Ivar Aasen, som me for nøyaktig eitt år sidan skreiv måtte gravast opp for å finna ut om han var den ukjende tippolderfar til Jon Fosse, kviler framleis i grava si på Vår Frelsers Gravlund.

Kva er den beste aprilspøken du har opplevd eller lese? Del i kommentarfeltet vårt under!