Jazzfesten er i gang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konserten smaug seg roleg i gang med Adrian Løseth Waade på fiolin, Martin Myhre Olsen på saksofon og Mathias Holtedahl Thorp på kontrabass. Men det var opp-tempo alt etter det første preludiske minuttet.

Kjartan Gullikstad på gitar og Ole Mofjell på trommer kasta seg med i fiolinist Waade sin komposisjon «Grafikk og papir.» Fin start, som vart følgd opp av ein time med god, god musikk.

Eitt av høgdepunkta: Duetten mellom Adrian Løseth Waade og songar Emilie Nicolas Kongshavn. Svært vart. Melankolsk fiolin og nydeleg vokal, framfor eit knuskstille, ungt publikum.

LES OGSÅ: Med tingingsverk til Vossajazz

Sterkt kort frå Stanghelle
Det er etter kvart vorte ei fin liste av lokale jazztalent som har funne vegen frå musikklinja på Voss gymnas og Voss jazzskule til jazzavdlelinga ved NTNU. Årets representant på UNGjaJAZZja er Viljar Dyvik Sellevold frå Stanghelle. Han var sjølv med frå fjerde låten, ein roleg komposisjon med seks mann i ensemblet. Ikkje minst briljerte han to låtar seinare, i bassist Mathias Holterdahl Thorp sin «Soil», ein meditativ lekkerbisken.

LES OGSÅ: Vann konsertjobb på Vossajazz

Drivstoff som varer
Jazzklassen på tolv veksla på å gjesta scena. Ni karar og tre damer som representerer kremen av norske jazztalent. Me fekk improviserte avdelingar, i det som i stor grad var studentane sine eigne komposisjonar.

Årets musikalske drivstoff frå Jazzlinja kjem til å brenna ljost og lenge. Konserten var premiere på ein større turné ensemblet skal ha i heile Norden. Men før det skal dei i morgon fyra opp seniorpublikumet på Eldrejazzen.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!