Vaffelhjarte nominert til Gullruten

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No er jo ikkje Vaffelhjarte min film, berre basert på boka mi. Likevel føler eg at den er litt min, seier Maria Parr til Sunnmørsposten.

– Det er så mange flinke folk i og bak den, legg ho til – og siktar mellom anna til regissør Atle Knudsen og produsent Cathrine Simonsen som har produsert Vaffelhjarte for NRK.

I tillegg til Vaffelhjarte er følgjande program nominert i klassa Beste barne- eller ungdomsprogram: Barnas Supershow, produsert av NRK for NRK. Newton, produsert av NRK for NRK. Supernytt, produsert av NRK for NRK.

Serien har tidlegare blitt kåra til Årets familieprogram 2011 av Barnevakten.

Maria Parr har også vunne Nynorsk barnelitteraturpris, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond og Ole Vig-prisen for boka som har blitt selt til 16 land.

Les òg: Tener godt på nynorsk

Sjå alle nominasjonane til Gullruten her!

Faktaboks

Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

Maria Parr har mastergrad nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, og studerer no ved Høgskulen i Volda

Ho debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk. I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. I 2011 var Vaffelhjarte filmatisert for NRK.

Kjelde: Wikipedia.