Mange brød er farga mørke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten 40 prosent av grovbrøda inneheld malt. Det går fram av ein test gjennomført av Bergens Tidende.

Fleire brød frå mellom andre Rema 1000, Rimi, Ica og Kiwi blei sjekka i testen. Testen tok for seg kor sunne brøda faktisk er, men avslørte også at fem av 13 brød var tilsett malt.

– Dette er å lure forbrukarane, det er ikkje noko anna enn matsminke. Eg vil ha han vekk og forstår ikkje kvifor dei held fram med det, seier Wenche Frølich, professor i ernæring ved Universitetet i Stavanger.

Mette Helvik Morken, med doktorgrad i klinisk ernæring, støttar henne.

– Industrien sminkar brøda på denne måten. Bakarane svarer at det gir smak, at det held seg lenger og at brødet ser meir tiltalande ut. Så då kan vi lure på kven vi skal tru på. Eg meiner det er lureri, seier ho til Bergens Tidende.

Fire av brøda med malt i var frå bakeriet Bakers. Der nektar produktutviklingssjef Thor Ferner for at dei lurer kundane.

– Vi tilset malt for at det skal gi smak og aroma. Og så gir det brødet ein gyllen og fin farge. Eg trur ikkje fargen betyr så mykje for kundane som han gjorde. No ser forbrukarane på skalaen for grovheit, ikkje så mykje på farge, seier Ferner.