Halling møter kung-fu og ragamusikk smeltar saman med flamenco. Temaet for festivalen i Førde er sameksistens.

NPK
NPK

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i Sogn og Fjordane er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i landet med heile 80 arrangement, og er den største festivalen for akustisk verdsmusikk i Skandinavia. Torsdag vart programmet for årets utgåve 5.– 8. juli sleppt.

– Under temaet Sameksistens ønskjer den 23. Førdefestivalen å vise korleis fredeleg samkvem mellom kulturar og folk påverkar musikk- og kulturtradisjonar på alle kontinent, heiter det i ei pressemelding frå festivalleiinga.

Spende på FRIKAR
Tradisjonsinstrument frå Mali, cubansk salsa, irsk folkemusikk er noko av det festivalleiinga har å by på. I FRIKAR dance company førestellinga «8» , er det derimot Noreg som blir foreint med Kina når koreograf Hallgrim Hansegård og tre av dei beste lausdansarane våre møter kinesiske kung fu munkar til akrobatikk og rørslekunst, til nykomponert musikk av Marco Paus.

– Både vi og publikum har hatt store opplevingar med FRIKAR dance company i Førde. Det vert spennande å sjå kva «8» vil gje oss, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Indisk-spansk
Blant artistane finn ein òg indiske Anoushka Shankar. Ho har gått i fotspora til faren, Ravi Shankar, og etablert seg som ei av dei store stjernene i internasjonal verdsmusikk, heiter det i pressemeldinga.

– Det er fantastisk å få presentere Anoushka Shankar og dei flotte musikarane hennar i Førde. Ho lèt ragamusikk og flamenco smelte saman, slik berre ein meister kan. Dette er ein konsert som kjem til å setje spor, seier Bjørkum.

Festivalleiinga framhevar òg Yasmin Levy frå Israel, som dei kallar ein av dei leiande songarane i verda, Ho syng på ladino, det spansk-jødiske språket, og er den fremste eksponenten for sefardisk musikk.

For alle
Ensemblet Sidi Goma, som vert kalla «Dei svarte sufiane frå India» meiner dei òg er vel verdt å få med seg.

– Både små og store bør få med seg det spektakulære synet av ansiktsmåla dansarar og musikarar når dei viser oss sufidansar og andre mytiske og mystiske skikkar, heiter det i pressemeldinga.

Kvart år presenterer festivalen om lag 250 artistar frå heile verda, og dei vektlegg å ha konsertar, verkstader og aktivitetar som passar for alle aldrar.

Anoshka Shankar, her med Breathing Under Water.

Yasmin Levy, her med Una Noche Mas.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE