Dårleg lønn og låg anerkjenning er årsaka til at få søkjer seg til studiar innan landbruks- og plantefag, meiner fagforbundet Naturviterne.

NPK
NPK

Norsk Landbruksrådgiving slit med å få folk i stillingane sine og meiner det blir utdanna for få med landbruksfagleg spisskompetanse. Fagforeininga Naturviterne, som organiserer akademikarar med naturvitskapleg utdanning og kompetanse, synest ikkje det er så rart at situasjonen er slik.

– Lønsnivået innan landbruket er for lågt. Eg pleier å seie at dei beste hjernane i landet veit forskjellen på 400.000 og 800.000 kroner. Landbruket forstår ikkje kva lønsnivå som er alternativet for dei unge som skal velje, seier forbundsleiar Finn Roar Bruun til Nationen.

Jantelova
Han meiner det allereie på vidaregåande skule er veldig lite fokusering på moglegheiter og oppgåver som ligg i dei utfordringane landbruket har med å fø verda.

– Så snart ein elev er flink i realfag, er det andre utdanningar som freistar meir, og som gir større utteljing i løn etter studiane, seier han.

Men mangel på anerkjenning er kanskje den viktigaste årsaka til at få søkjer seg til landbruket, trur forbundsleiaren.

– Haldninga i landbruket er at ein ikkje skal tene mykje, og iallfall ikkje meir enn bonden. Landbruksorganisasjonane er ikkje så interesserte i å betale for råd frå fagfolk i eiga næring.

Inga låglønsgruppe
– Eg veit at Naturviterne synest dei har får låg løn, men det har aldri vore ein agenda hos oss at denne gruppa skal haldast nede, seier Nikolai Astrup Westlie, direktør for tariff og kompetanse i NHO Mat og landbruk.

Westlie seier det heller aldri har vore eit tema å halde løna til landbruksakademikarane på same nivå som bondeløna.

– Vi ønskjer ikkje å vere ei låglønnsgruppe. Vi slit i hard konkurranse med andre bransjar. At det er vanskeleg å rekruttere folk til næringa, kan ha fleire årsaker. Kanskje dreier det seg like mykje om ein omdømmediskusjon, seier han til Nationen.

– Vi er opptekne av å auke matproduksjonen. For å få til det treng vi bønder, både i dag og i morgon. Då er nettopp inntekta for bøndene viktig i eit rekrutteringsperspektiv, sa KrF-leiar Knut Arild Hareide i spørjetimen i Stortinget onsdag, og ba regjeringa auka lønstilskotet til bøndene.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

Kommentarar

ANNONSE