Vi stappar ikkje i oss sterk mat

Vi tek mindre bitar av mat som luktar sterkt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det gjorde iallfall forsøkspersonar i ei ny gransking, fortel Forskning.no.

Kor store munnfullar vi tar heng saman med både konsistensen på maten og med kjennskapen vår til matretten, men til no har ikkje forskarane sett på korleis lukt påverkar matinntaket.

Det er mellom anna kjent at mindre matbitar gir svakare smaksopplevingar – noko som kanskje er forklaringa på kvifor vi gaflar i oss det vi synest er aller best.

Dei nederlandske forskarane bak studien trur vi får ei umedviten tilbakemelding medan vi et, slik at vi regulerer kor heftig noko smakar ved å justere ned kor mykje av maten vi tar inn om gongen. Dei meiner funna kan bli nyttige i kampen mot overvekt, og at manipulering av lukt kan vere ein måte å få folk til å ete mindre. (©NPK)

Les òg: Tallerken for betre kosthald