Med 2191 søkjarar totalt har det aldri vore fleire søkjarar til læreplass hjå Statoil enn i år.

mm

Talet på søkjarar til læreplassar i Statoil har auka årleg i det siste. For to år sidan søkte 1954 ungdommar på læreplass i landets største bedrift medan søkartalet i fjor var 2122.

Samtidig har Statoil krympa talet på læreplassar. For to år sidan fekk 181 unge læreplass i Statoil, i fjor kunne selskapet tilby 177 læreplassar, medan talet i år er krympa til 158 plassar.

Det er i første rekke talet på læreplassar offshore på norsk sokkel som har gått ned i høve til fjor.

Den aller mest populære læreplassen som er i Statoil er den eine plassen for opplæring av dataelektronikar på Kårstø.

– Her har det meldt seg 71 søkarar til denne eine plassen, opplyser Jenny Kristin Svendsbøe, oppfølgingsansvarleg for lærlingane på Kårstø.

Mest populært i vest
Hordaland og Rogaland er framleis dei to største rekrutteringsfylka til læreplassane i Statoil. I år har 468 unge frå Hordaland og 356 frå Rogaland søkt på dei 158 ledige plassane. Det er likevel søkjarar frå heile landet.

Fråvær avgjer
– Dei aller fleste kunne rekna med ein læreplass. Dei som har høgt fråvær og dårlege karakterar frå ungdomsskulen vil ha størst vanskar med å få tilbod om plass, seier Torbjørn Håmsø, fagleiar i Rogaland fylkeskommune.

Ved 20 registrerte fråværsdagar siste året i ungdomsskulen kan dei unge fort risikera at dører kan bli lukka på arbeidsmarknaden.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE