– Alkohol og tobakk for 16-åringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev øl og røyk til 16-åringar

I helga hadde Framstegspartiet sitt ungdomsparti landsmøte i Oslo. Der var det mellom anna fleirtal for å jobba for å innføra 16-årsgrense på øl, vin og tobakk – og 18-årsgrense for brennevin.

Vil ha fridom
John Helge Skår frå Huglo er formann i Sunnhordland FpU. Han var ein av dei som røysta for å setja ned aldersgrensa med to år.

– FpU er for meir fridom, og då også meir fridom under ansvar. Eg føler at ungdom på 16 år er modne nok til å kunne ta desse avgjerslene sjølve. I Danmark er det 16-årsgrense på øl og vin. Danske ungdommar drikk ikkje meir av den grunn, seier han.

Alle veit
Røyk og snus er også noko 16-åringar bør få kjøpt på butikken, meiner Skår.

– Me vil ikkje at staten skal kontrollera om folk vil røykja eller snusa, sjølv om det er helseskadeleg. Alle veit jo det.

Les òg: Himanshu Gilati ny formann i FpU

Cannabis på apoteket
Unge Venstre har tidlegare gått i bresjen for ein meir liberal narkotikapolitikk. No følgjer FpU etter.

– I cannabis finn ein THC, men i kriminelle miljø er det tilsett ekstra høge THC-verdiar. Ved å til dømes selja cannabis på apotek vil ein kontrollera innhaldet og unngå store skadeomfang. Då vil også folk sleppa å oppsøkja kriminelle miljø der vegen til sterke stoff kan vera kort, seier han.

Framnes skeptisk
Verken Skår eller dei andre FpU-arane skal ha fått støtte for dette hos Frp.

– Moderpartiet er ikkje med, men slik er det ofte når me nett har lagt fram eit nytt forslag. Me håpar dei etter kvart forstår kvifor me gjer dette.

Les saka i Sunnhordland her!

Kva meiner du? Er det på tide at 16-åringar får kjøpa øl, vin og røyk? Og gjera det muleg kjøpa hasj på apoteket for 18-åringar?