Den internasjonalt anerkjende kvinneaktivisten Wazhma Frogh studerte i England for å stå sterkare heime. Ho meiner andre afghanske utenlandsstudentar må gjere det same.

Emil Flatø/Universitas
Emil Flatø/Universitas

Wazhma Frogh vitja Menneskerettighetsuka 2012 på måndag og snakka om behovet for å styrke posisjonen til kvinner i konfliktland.

– Eg trur ikkje hjerneflukt er eit stort problem for Afghanistan lenger. Dei siste ti åra har den generasjonen som veks opp fått veldig mange sjansar til både å utdanna seg og få jobb, seier Wazhma Frogh.

Den afghanske aktivisten og kvinneforkjemparen er i Oslo mellom anna på grunn av Menneskerettighetsuka på juridisk fakultet. Ho blir skildra som det afghanske svaret på fredsprisvinnarane i fjor – 32 år, frå ein «veldig rural» landsby og, mot alle odds, ein sentral kvinneaktivist i Afghanistan. Wazhma Frogh er kvinna som elleve år gammal finansierte skulegangen gjennom leseopplæring då faren nekta henne ei utdanning. Då ho var 17 år byrja ho å jobbe som aktivist for flyktningar fra Taliban-regimet. No er ho i leiinga for det nasjonale kvinnenettverket Afghan Women’s Network.

Ka(bul)boom
Det Kabul som Frogh skildrar verkar dynamisk, moderne og prega av høg mobilitet. Ho snakkar om korleis talet på kvinner i parlamentet har auka til 25 prosent (meir enn i USA) dei siste åra. Det har gjort at kvinner frå landsbygda med ungdomsskule – eller vidaregåande eksamen – plutseleg kunne få eit sete (og ei utdanning) – hinsides alt nokon dei kjende frå før hadde trudd var mogleg.

Regjeringa har ei kvinne med ein grad frå Harvard og ei anna kvinne med doktorgrad. For studentane i dag blir situasjonen beskreve situasjonen som endå meir lovande.

– Vi har fått private universitet som American University i Kabul – gode, internasjonalt akkrediterte universitet som betalar sine tilsette ganske bra. Dessutan har det vorte relativt enkelt å få eit stipend for å reise til utlandet og studere, seier Frogh.

Ho legg til at studia har vorte moderniserte. Før dreia alt seg om retorikk og klassiske fag, men no er det heller engelsk og teknologiske fag. Og det skortar visstnok ikkje på jobbar for dei uteksaminerte.

– Tek du ein grad i engelsk, får du jobb straks, seier Frogh.

– Tyder det at dei som er høgt utdanna i Kabul lever trygge, økonomisk trygge liv?

– Nei. Dei er ikkje veldig trygge, særleg ikkje økonomisk sett.

– Burde ikkje dermed fleire, logisk sett, ta med seg utdanninga si og reise?

– Jo, men då må ein sjå på familiesituasjonen til dei som dreg. Eg møtte ein afghanar som bur i Oslo her om dagen. Han sa at familien hans i Afghanistan kravde større og større pengeoverføringar. Dei berre rekna med at han tente masse pengar sidan han budde i utlandet. Klarar du ikkje å tene dei pengane, tenkjer du kan hende at du like godt kan vende heim.

Det er berre ein ting Wazhma Frogh er redd for.

– Om tryggleikssituasjonen forverrast att, og Taliban kjem til makta, trur eg færre vil kome heim.

Les òg: Vi har stilt altfor få kritiske spørsmål til USA

Emigrantkvalar
– Du har møtt fleire afghanske studentar i Oslo under opphaldet her. Kva snakka du med dei om?

– Mange av dei uroar seg mykje for landet sitt, og har kvalar fordi dei føler dei lét det i stikken medan dei lever i luksus her. Eg fortalde dei at dei bidreg berre ved å ta ei utdanning. Men dei må kome heim når dei er ferdige. Om dei så blir norske statsborgarar er det ikkje som om dei ikkje har noko sjanse til å kome heim.

– Du har òg ein grad frå utlandet (master i menneskerettar frå University of Warwick, journ.m.). Kvifor drog du?

– Eg er ein aktivist og det har eg vore siden eg var 17 år gammal. Men det kjem tider når ein føler eit behov for å gjere noko for å styrke seg sjølv. Eg tok utdanninga for å bli ein sterkare aktivist.

Wazhma Frogh er sannsynlegvis den første kvinnelege afghanaren med ein grad i menneskerettar.

Inntrykk mot medieinntrykk
Inntrykket Frogh formidlar av Afghanistan er eit ganske anna enn krigsrapportane vi vanlegvis les. Frogh seier vestleg media presenterer eit land ho ikkje kjenner att. Ho meiner at dei sensasjonaliserar og fokuserer på det tragiske, og ikkje klarar å syne at livet i landet kan vere ganske kvardagsleg.

– Eg vil teikne eit positivt bilete for å motverke det einfaldige mediebiletet, seier ho.

– Ein må sjå situasjonen i dag i lys av kor mykje som har endra seg. Som 32-åring vaks eg opp med at makt vart overførd med våpen. Har du ikkje opplevd det, er det vanskeleg å forstå korleis det følest å faktisk stemme fram ein leiar, som vi klarte å gjere både i 2005 og 2010.

Les òg: Vil visa kjekk kvardag i Kabul

Det er på landsbygda krigen mot terror finn stad, fortel Frogh.

– I byane lever vi vanlege liv.

«Eit vanleg liv»
Men eit vanleg liv for Wazhma Frogh, syner det seg seinare, involverer å ikkje kunne gå fritt på gata. Gjennom arbeidet i kvinnenettverket har ho vore såpass mykje på TV og i parlamentet at ho har vorte ein offentleg og omstridt person. Det gjer henne alt anna enn motlaus.

– Eg har kjempa mot så mange i livet mitt. Mot faren min, så mot landsbygda, så mot politikarar, krigsherrar, alle. Det er ein del rettar eg som afghansk kvinne ikkje kan sjå på som sjølvsagde– men det er rettar ein i andre land heller ikkje kunne sjå som sjølvsagde ein gang i tida. Det er berre 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg. Når eg no ser kvinner i Noreg gå fritt ikring på gata, blir eg full av håp for at vi skal få til det same.

Eit pågangsmot som Froghs er ikkje noko alle har. Dermed er det kan hende ikkje så uforståeleg at fridomen og velstanden blir vanskeleg å gje slepp på for dei afghanske studentane som dreg ut.

– Kan ikkje afghanarar òg bidra frå utlandet?

– Nei. Dei må vende heim, er Wazhma Froghs klare svar.

Les saka i Universitas her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE