Norske barnehageborn får sunnare mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barnehageborn får sunnare mat

Det kjem fram av ein nyleg publisert rapport frå Helsedirektoratet. Den oppsummerer ei landsdekkjande undersøking frå i fjor der 1375 styrarar og 1100 pedagogiske leiarar i private og offentlege barnehagar har svart, skriv uio.no. Arbeidet bak rapporten er utført av forskargruppa til professor Lene Frost Andersen ved Avdeling for ernæringsvitskap ved universitet i Oslo.

Undersøkinga inkluderte mellom anna ei kartlegging av mat- og drikketilbodet og organiseringa av måltid. Kartlegginga viser at det daglege tilbodet av mat og måltid i barnehagane på mange måtar er innanfor tilrådingane frå myndigheitene.

Les òg: Barn kan ete seg smartare på rett feitt

I 2005 gjorde forskarane ei liknande undersøking. Ut ifrå resultata vart det då peika på at det var for lite tilbod av grønsaker og grove brødvarer i barnehagane. Bruken av heilmjølk og tilbodet av feit og sukkerrik mat og drikke ved feiringar og markeringar var òg for høgt.

– Undersøkinga frå 2011 viser ei klar forbetring innanfor alle desse områda. I mine auge er det mest gledelege funnet at borna no blir tilbydd meir grønsaker og grovt brød, seier professor Lene Frost Andersen til uio.no.

Ho meiner barnehagane har ei unik moglegheit til å påverke matvanar i positiv retning. Sjølv om resultata frå undersøkinga er gode, ønskjer ho at forbetringane held fram på fleire område.

Les òg: Samling for den sakte maten