Gratis idrett på tv

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa går inn for at det skal vedtakast ei liste over idrettshendingar som skal synast på tv utan ekstra kostnad ut over lisens og grunnpakkeavgift. Dette skal vere hendingar av vesentleg samfunnsmessig tyding. Ei slik liste kan vere med på å sikre at folk flest framleis kan sjå dei viktigaste idrettshendingane utan å betale ekstra, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.

Eit forslag til ei liste over hendingar vart sendt på høyring 24. juni 2011.

Digitaliserings av tv-mediet har ført til ei auke i talet på betalingskanalar i Noreg. På stadig fleire område, spesielt innanfor idrett, er det auka risiko for at tv-sjåarane utelukkast frå å ta del i større arrangement årsaka mangel på abonnement på betalingskanalar.

– Vi ønskjer å vere i forkant. Sjølv om det ikkje har vore noko stort problem til no i Noreg at viktige hendingar kun blir overført mellom anna på betalingskanalar, kan vi få ei negativ utvikling. Som kulturminister ønskjer eg å sikre folk sjansen til å sjå store idrettshendingar på vanlege tv-kanalar som ikkje krev ekstra betaling, seier kulturministeren.

Hendingane på lista omfattar hendingar som er viktige for norsk identitet og kultur og speler ei sentral rolle for opplevinga av fellesskap i samfunnet. Forbrukarane si interesse av å kunne følgje desse hendingane bør vege tyngre enn dei eventuelle ulempene ei regulering vil føre med seg.

Regjeringa vil at følgjande hendingar skal listeførast:
– OL, sommer- og vinterleikar
– VM og EM i fotball for menn, herunder kvalifiseringskampar med norsk deltaking
– VM og EM i handball for kvinner, samt kvalifiseringskampar med norsk deltaking
– Cupfinalen i fotball for menn
– VM på ski, nordiske grener
– VM i alpint
– Holmenkollen FIS world cup nordisk (Holmenkollen skifestival)
– VM i skiskyting

Fjernsynskanalar som kan klassifiserast som vederlagsfrie og som er tilgjengelege for ein stor del av folket kan kreve å kjøpe rettigheiter til hendingane på lista frå andre fjernsynskanalar til marknadspris. Mange land i Europa har innført slike lister, til dømes Storbritannia, Frankrike og Tyskland.

Lista må godkjennast av EFTA sitt overvakingsorgan ESA før ho kan trå i kraft.