Finansmoralistane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Europa er i økonomisk krise, og skulda blir lagt på finansfolka som utnyttar nedgangen til å gjere seg sjølv rike. Føler studentane som er på veg inn i bransjen at dei har eit ansvar overfor samfunnet?

– Eg har aldri tenkt på det på den måten, seier Audun Astrup Bakke, bachelorstudent i finans ved Handelshøgskulen BI.

Han kjenner seg likevel fort att i problemstillinga.

– Eg meiner, det er mange her på huset som hadde selt bestemora si om dei hadde fått godt nok betalt for det.

Framtidas finansmenn
Astrup Bakke og medstudentane Salman Alam og Qadeer Ahmed Awan er med i «Børsgruppen Aktie», ei fiktiv aksjehandelsgruppe der dei konkurrerer mot andre skular om å få høgast mogleg avkasting på dei fiktive investeringane sine.

Men den aggressive pengehandelen dei driv med fiktivt, ville dei ikkje overført til det verkelege liv. Dei forsikrar Universitas om at dei let bestemor liggje i fred, alle mann.

– Du kan kan hende seie at vi er moralistar heile gjengen, ler Awan, før han held fram i ein meir alvorleg tone.

– Når det kjem til stykket handlar det om kva for person du er. Du vil nok oppleve at du er meir bærekraftig og kan nyte større respekt om du speler eit reint spel.

– Trur de at de vil møte stigmatisering for utdanninga de tek?

– Ja, det er nok mange utanforståande som kan tenkje vondt om oss, men økonomi gjennomsyrar alle delar av samfunnet. Og ei finansutdanning gjer deg ikkje automatisk til ein dårleg person, seier Alam.

– Til og med statsministeren vår har jo økonomiutdanning.

Framtida til finans
Finansverda har endra seg drastisk dei siste åra, og eurokrisa påverkar studentane òg.

– Då eg byrja på utdanninga, var eg trygg på at eg skulle ta masteren min i London. No ser eg heller etter andre alternativ der ein ikkje må betale ei skyhøg studieavgift, seier Astrup Bakke.

– Slik verda er no, er det ikkje særleg kult å ha ein mill i studielån og så ende opp med å betale det attende frå kassa på Kiwi.

– Kva kjem finanskrisa og eurokrisa til å ha å seie for yrka dykkar i framtida?

– Dei som tek ei utdanning i finans kjem no inn i ein marknad der lover og reglar er i endring, investeringsbankar har vorte strengare, og sentralbankane følgjer utruleg nøye med, seier Awan.

– Men det er som dei seier: adjust or die.

Vond sirkel
Studentane er svært kritiske til måten eurokrisa blir handsama på. Hellas har den siste tida fått tilført tre nye lån slik at dei kan betale ned gjelda landet har opparbeida seg.

– Måten eurokrisa vert handsama på er ein vond sirkel. Ein kan ikkje nedbetale eit lån med eit nytt lån. Det blir litt som å tisse i buksa for å halde seg varm på vinteren. Det er ikkje særleg bærekraftig, forklarar Astrup Bakke.

I media fremstillast ofte menneske med finansutdanning som det svarte får når økonomien kjørast i grøfta. Kva tenkjer studentane om slike vurderingar?

– Det er ikkje enkeltindivid sin feil, seier Alam.

– Vi har eit kollektivt ansvar, og problem låg og ulma i lang tid før bobla endeleg sprakk i 2008. Det kan vere viktig å ta eit blikk på historiske hendingar for å verkeleg forstå kva som hender i det turbulente økonomiske klimaet i dag.

Awan stemmer i.

– Økonomi er ikkje berre økonomi, for å seie det slik. Det er psykologi, sosiologi, og masse anna som speler inn.

Meining over tening
Den amerikanske investeringsbanken Goldman Sachs er ein av aktørane som har tent masse pengar på eurokrisa, og nyleg sa Greg Smith opp jobben i protest mot handlingane til banken. Smith, som hadde ei høg stilling, skreiv eit innlegg i New York Times der han begrunnar oppseiinga med at han ikkje lenger kan jobbe i banken med godt samvit.

BI-studentane er godt kjent med historia til Smith, og situasjonen hans får dei til å tenkje på sin eiga framtid i finansverda.

– Banken tener jo ekstremt bra, og har mykje makt, men det er vanskeleg å vite kva motiv som ligg bak trådane som trekkast i kulissane. Men dei er verdsleiiande i det dei driv med, og eg kunne sikkert lært mykje av å jobbe der, seier Alam.

Heller ikkje Astrup Bakke vil avskrive ein jobb hjå bankgiganten.

– Eg vil jobbe med noko som gjev meining innanfor finans, noko som bidreg til BNP, og utelukkar ikkje Goldman Sachs som ein aktuell arbeidsplass. Når det er sagt, er det òg ekstremt vanskeleg å få jobb der. Det viktigaste for meg er at eg vil jobbe med noko som gjev meining, seier Astrup Bakke.

Alam søkjer òg meining før tening når han er ferdig utdanna.

– Profitt og inntekt er ikkje det som motiverar meg til å søkje meg inn til denne bransjen. Finansutdanning kan jo brukast til utruleg mykje. Eg er veldig interessert i politikk og samfunn, og ein jobb i UD hadde vore kjempespanande. Eller i ein annan statleg institusjon, for øvrig. Då føler du jo òg at du gjer noko for landet ditt og bidreg.

Les saka i Universitas her!