Slottet blir mørklagt og Erik Solheim kan bli nøydd til å ta eit isbad. Om ei veke, laurdag 31. mars klokka. 20.30, er det Earth Hour 2012.

NPK
NPK

Earth Hour vart halde første gong i Australia i 2007, og har seinare vorte ei verdsomspennande markering mot klimaendringar. Ei dryg veke før Earth Hour 2012 ser det ut til å gå mot rekordoppslutnad, opplyser WWF Norge.

WWF er den globale arrangøren av Earth Hour, med mange samarbeidspartnarar verda over.

Mørkt på Ikea
I Noreg er 117 kommunar melde på til no, saman med godt over to hundre bedrifter og verksemder. Mellom dei er landsdekkjande bedrifter som Posten, H&M, McDonald's og Ikea.

Slottet, Stortinget, Operaen, Holmenkollen, Gamlehaugen i Bergen, Ishavskatedralen i Tromsø og fleire festningar landet rundt er blant bygga som òg kjem til å vere mørklagde under Earth Hour.

Utfordringar
Den store Earth Hour-aktiviteten i år er å love å gjere noko morosamt eller viktig dersom andre òg gjer ein innsats for klimaet, fortel WWF. På nettstaden til Earth Hour kan ein leggje inn og sende utfordringar dei ein vil.

Til dømes har avtroppande miljøvernminister Erik Solheim lova å isbade dersom halve landet sløkkjer lyset under Earth Hour.

116 land deltek
I verdssamanheng deltek 116 land i kampanjen i år. Storbyar som Beijing, Moskva, Mexico City, San Francisco og Tokyo skal alle delta. Kjende bygg som Eiffeltårnet, Brandenburger Tor, Times Square i New York og Burj Khalifa i Dubai blir mørklagde i timen Earth Hour går føre seg.

Men det kan framleis bli fleire deltakarar.

– Erfaringsmessig er det siste veke som gir størst rush i talet påmelde – både her heime og internasjonalt, skriv WWF Norge. (©NPK)

Les òg: Kan kutta 35 prosent av straumen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE