– Barn er også folk
Den nye barne- og ungdomsministeren Inga Marte Thorkildsen (SV) trekkjer fram retten barn har til å bli høyrt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Som venta overtar Thorkildsen partikollega Audun Lysbakkens departement etter at Lysbakken måtte gå for nokre veker sidan.
Barnerettar står hjertet ti den nye statsråden nært.
– Eg vil gjerne vera ein forskjell for barn i Noreg og internasjonalt og for likestilling og inkludering. Og eg veit at eg kjem til eit departement med mange engasjerte menneske som brenn for det same som meg, seier Thorkildsen, ifølgje NTB.
I tillegg til like høve for alle, uansett bakgrunn, og trygge oppvekstvilkår, framheva ho den retten barn har til å bli høyrt i saker som vedkjem dei.
– Dersom vi vil gi barn betre vern og ta utgangspunkt i det dei treng, må me høyra på dei. Mor mi brukte å seia at barn også er folk, og det kan eg slutta meg til, sa statsråden.
Førebudd på tøffe miljøtiltak
Som venta overtek Heikki Holmås som utviklingsminister, medan Bård Vegar Solhjell blir miljøvernminister etter Erik Solheim.
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) forventar inga fredingstid frå miljørørsla og lovar rask handling.
– Eg er førebudd på tøffe tak frå byrjinga. Eg skal koma tilbake med svar på kvar eg står og korleis regjeringa skal handsama viktige miljøsaker, seier Solhjell, ifølgje ABC Nyheter/NTB.