Aldri ferdig klokka fire

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tips til å starta eiga bedrift

– Her vil eg gjera noko, her kan eg blomstre og eg kan skape ein samlingsplass. Tenkte Ruth Kvålo Dalen for ni år sidan, då ho var innom eit gamalt snikkarverkstad, på ferie i heimbygda Øyfjell i Vinje kommune.

Begeistringa førte til kjøp, og det som var eit skal av plankeveggar, med mose innvendig – har vorte til Galleri Straume. Der Ruth formidlar kunst, sel krus, scrapbookartiklar, pute og kaffi. Og freistar å vera ein kreativ møteplass.

Enorm innsats
– Skal ein starte si eiga bedrift, trur eg ein treng ei drivkraft som handlar om meir enn det å berre skulle skape ein arbeidsplass. Det er då ein får det ekstra giret. Og det treng ein, når det vert tøffe tak og netter utan svevn, forklarar Ruth.

Det som starta med galleridrift i 2009, har balla på seg. Med tilskot som kafé og butikken ”Den gamle frue”.

Undervegs har ho vorte betre kjent med turistane på veg til og frå Rauland. Og ho har fått med samarbeidspartnarar på laget.

LES OGSÅ: Designar for bygda

– No eig eg bygningen saman med den lokale kyrkjelyden, som skipar til ulike arrangement i lokala her, seier Ruth. Ho meiner det å få med fleire på laget, er eit godt råd til andre som vil starte eigen bedrift. 

”Ekstrem utflyttar”
Sjølv om Ruth kjem frå Øyfjell, var det på ingen måte gitt, at det var hit flyttelasset frå Stavanger skulle gå. Ho skildrar seg sjølv som ein ”ekstrem utflyttar”, og var vant med å bu i byen.

– Eg føler meg nesten som ein innflyttar, i større grad enn ein tilbakeflyttar. Men her har eg alle høve til å skape noko sjølv. Noko av deg eg saknar er kafélivet, men det løyser eg ved å starte min eigen, fortel Ruth ivrig.

LES OGSÅ: Råd for eit godt liv på bygda

Møteplass
– Eg veit kor lukka og øydeleggande grupperingar kan vera i små bygder. Derfor er det viktig med møteplassar, som går på tvers av tru, tvil, alder og interesse, seier ho. Og meiner det er flott å kunne gjera ein forskjell i ei bygd, med til dømes å skape eit nytt tilbod.

For Ruth er det i alle fall klart, at det er den gamle snikkarverkstaden som er rett stad i tilværet.

– Det var her eg skulle vera. Eg trur ting fell på plass, når ein er der ein skal vera, avsluttar gallerivertinna i Øyfjell.

LES OGSÅ: Beste kultur-region etter Oslo

Ruth sine tips til bedriftsskiparar
1. Set i gang med noko du brenn for. Då har du det ekstra giret å setje inn, når det verkeleg buttar.

2. Skaff deg gode samarbeidspartnarar, som støttar deg 100%.

3. Ta deg god tid til planlegging, og hugs å tenkje langsiktig. Ei av dei største utfordringane, er å ha ein god nok plan for økonomien.

4. Tørr å gjer andre ting, enn det du hadde tenkt i utgangspunktet.

5. Sjå på deg sjølv som ein ressurs. Det er utruleg kva ein kan få til med det ein har i hendene. Eg skapte næring, ut av det som er mi største interesse.

6. Du må vite at det kostar, og at ein ofte lyt ofre veldig mykje for å få det til. Å starte bedrift kan koste all tid og merksemd, og du er aldri ferdig klokka fire.

7. Ikkje gløym marknadsføring. Det er så viktig å vera synleg. Det er eit umetteleg behov, og noko ein aldri vert ferdig med.

Les meir om entreprenørskap her!