Enorm vekst for mikrofinans

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2010 låg det på i overkant av 600 millioner kroner.  Globalt har bransjen vorte 50 gonger større.

Sjølv i finanskrisetider har mikrobankane vakse, medan dei tradisjonelle bankane har stampa i motbakke.

Mikrofinans og mikrobankar er kjenneteikna ved at dei lånar ut pengar til fattige folk som fell utanfor kundekrinsen til dei ordinære bankane.

Fungerer godt
Øystein Strøm, økonomiprofessor ved Høgskolen i Oslo, seier til forskning.no  at den kraftige veksta er ein indikator på at mikrofinans fungerer godt. Folk kjem att og tek opp nye lån etter at det gamle lånet er betalt ned.

– Om dei ikkje var nøgde, ville dei ikkje ha kome attende. Folk er ikkje dumme, seier Strøm.

Saman med Roy Mersland har Øystein Strøm forska på mikrofinans og mikrobankar i mange år.

Betre alternativ
– Det er ingen som tvingar folk til å låne pengar hjå mikrobankar, og i dag tek framleis dei aller fleste opp lån hjå private långjevarar til ei mykje høgare rente, seier Strøm og peikar på at slike långjevarar ofte tek renter på over 200 prosent. Det er skyhøgt over det mikrobankar tek, og mikrobankane har dessutan hatt stabile renter dei siste ti åra.

Ulike årsakar
– Det er ulike årsaker til at folk søker seg til mikrofinans. Nokon er driven av eit genuint ønske om å investere lånet i forretninga, eit ønskje om ekspansjon og auka profitt. Men meir typisk er det at desse låna blir brukt til ei lang rekkje føremål. I Tanzania seier entreprenørane at mellom 30 og 40 prosent av lånet blir brukt til hushaldningsføremål, slik som ein ny TV, ein ny sofa, eller for å betale skulepengar til borna. Kvifor vel folk å ta opp dyre lån for konsumføremål? spør Kjetil Bjorvatn, professor ved Norges Handelshøyskole i Bergen, til Bistandsaktuelt.

– I PRIDE Tanzania må ein betala over 50 prosent rente. Kvifor sparer ein ikkje heller til sofaen og kjøper han når ein har spara opp det som trengst? Det hadde vorte ein langt billegare sofa! Mykje tyder på at sparing er vanskeleg. Mange andre behov melder seg undervegs, det er eit sosialt press å dele av det ein har, og pengar under madrassen er heller ikkje trygt, avsluttar han.

Hiv ikkje pengar etter folk
Mikrobankane har relativt små tap på lån. Når dei låner ut 100 dollar får dei att omlag 95 dollar, i motsetnad til tidlegare statlege låneprogram som ofte lånte ut 100 dollar og fekk att 40 dollar.

Mikrobankane er heilt avhengig av å få att pengene dei låner ut, difor har dei fleste ei form for kredittvurdering, og hiv ikkje pengar etter folk. Det er hovudsakleg variantar av desse tre måtane ein kan få godkjend lån i mikrofinansinstitusjonar på, ifølgje Strømmestiftelsen:

1) Gruppesolidaritet baserer seg på at låntakarane organisererer seg i grupper på cirka fem og fem. Alle lån blir gjeve individuelt, men det er medlemmene i gruppa som må godkjenne og skrive under som garantistar for kvarandre. Medlemmene i gruppa stiller dermed kapitalen sin som tryggleik for det enkelte medlemmet.

2) Individuell tryggleik er den same metoden vi kjenner fra banksystemet vårt. Ein stiller då anten pengar eller gjenstandar som tryggleik for lån, og mikrofinansinstitusjonen tek pant i dei aktuelle gjenstandane eller i pengebeløpet.
Mange av bankane har teknologiske hjelpemiddel som gjer at kundekonsulentane deira kan vitje ein kunde, plotta inn verdi av kjøleskap og andre eigedelar i huset og på den måten få kredittverdet straks.

3) Kausjon og underskrift frå andre er ein annan metode vi kjenner fra vårt eige banksystem. Ein rik onkel, ein rik høvding i landsbyen eller ein bror kan skriva under på å betale dersom låntakaren ikkje gjer det.

Norsk bidrag

Det meste av det norske bidraget til mikrofinans kjem frå dei to semi-kommersielle aktørane Norfund og Norwegian Microfinance Initiative. Av dei frivillige organisasjonane er det særleg Strømmestiftelsen, CARE og Misjonsalliansen som har eit engasjement innen mikrofinans.

Erlend Sigvaldsen og Jens Claussen i Nordic Consulting Group seier til Bistandsaktuelt at det er stor skilnad på dei to ”kommersielle” norske aktørane og dei frivillige organisasjonane.

– Desse er dei verkeleg store aktørane med store investeringar i fond, stiftingar og institusjonar i utlandet. Dette er trass alt eit område der "storkapital" har kome inn i bistandsområdet med stor tyngde, seier Sigvaldsen.

Dei tre norske bistandsorganisasjonane som i dag satsar stort på mikrofinans har funne sine område av feltet dei er dyktige på, og har bygd ein organisasjon og ein kompetanse i tråd med desse nisjene.

– I dag er det nok semje om at det er behov for at fattigfolk skal ha tilgang til finansielle tenester.  For mange er sparing faktisk vel så viktig som lån, for å kunne byggje reservar og for å kunne jamne ut inntektene over tid. Dei fleste innan mikrofinans innser òg at det ikkje løyser alle problem. Meir realisme har kome inn, i tillegg til ei større aktsemd i høve til gjeldsproblematikken. Vi opplever at norske aktørar innen mikrofinans er svært opptekne av å drive ansvarleg utlånsverksemd, seier han.

Faktaboks

Mikrofinans gjev fattige menneske, særleg i utviklingsland, tilgang til kapital som kan gje dei høve til å investera i eige levebrød. Desse er ofte elles stengd ute frå finansielle marknader. Tradisjonelt har mikrofinans vore avgrensa til institusjonar som tek imot mikroinnskot og gjev mikrokreditt eller mikrolån, gjerne som mikrobankar, men sidan desse ordningane har vore så vellukka har ein òg starta med mikroforsikring.

Mikrofinans kan seiast å snu tradisjonell bankverksemd på opp ned: Medan vanlege bankar typisk låner ut pengar til rike menn, er det typisk fattige kvinner som får lån gjennom mikrofinans. Og medan vanlege bankar forlangar tryggleik i til dømes fast eigedom, baserar mikrofinans seg på tillit. Lån i ordinære bankar krev mykje papirarbeid, mikrofinans er tilgjengeleg for analfabetar.

Kvinnene er oftast i fleirtal blant fattige folkegrupper, men likevel blir kvinnene både sosialt og økonomisk undertrykka. Samstundes syner det seg at kvinnene forvaltar inntektene på ein betre måte for familien som heilskap enn mennene. Difor er dei fleste mikrofinansprosjekta til mellom anna Strømmestiftelsen retta mot kvinner.

Mikrofinans vart kjend over heile verda då Mohamed Yunus og Grameen Bank fekk Nobels fredspris i 2006 for arbeidet i Bangladesh..

Kjelde: Wikipedia