Nytt norsk kokkegull
Ørjan Johannessen (26) frå Austevoll vann Bocuse d´Or Europe.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kokken på Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll sør for Bergen vann i dag det som kan samanliknast med europameisterskapen for kokkar.
Nordmannen konkurrerte mot 20 nasjonar, der dei 12 beste går vidare til den prestisjetunge kokkekonkurransen Bocuse d'Or Lyon, som blir sett på som verdsmeisterskapen for kokkar, i januar neste år.
Kokkane skulle presentere eit fiskefat og eit kjøtfat der hovudråvarane var sjøtunge, reker og kylling.
I juryen sat fleire leiande europeiske kjøkkensjefar, blant andre den ikkje heilt ukjende kokken Eyvind Hellstrøm, som sjølv kom på 5. plass i Bocuse d´Or i 1989.
	Ministeren gratulerte
	Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk gratulerer Ørjan Johannessen med gullet.
– Her har det vore ein knalltøff konkurranse og difor er dette eit veldig bra resultat. Nok ein gang har Noreg kome øvst på pallen i ein krevjande internasjonal kokkekamp. Dette er også gull til norsk matkultur. Gratulerer så mykje med seieren Ørjan, seier Brekk som også gratulerer assistenten hans, Julie Ekse Jenssen (20) med innsatsen.
	Noreg på kokketoppen
	Ørjan Johannessen blei Årets Kokk 2011 her heime, og har godt norsk selskap blant tidlegare Bocuse d´Or-deltakarar.
Det er tredje gongen Bocuse d'Or Europe er blitt arrangert, og Noreg har gjort det skarpt også tidlegare. Geir Skeie tok gull i 2008, medan Gunnar Hvarnes fekk med seg ei sølvplassering i 2010.
Norske deltakarar og plasseringar i Bocuse d’Or Lyon:
	1987: Arne Brimi, Semifinalist
	1989: Eyvind Hellstrøm, 5. plass
	1991: Lars Erik Undertun, Sølv
	1993: Bent Stiansen, Gull
	1997: Odd Ivar Solvold, Bronse
	1999: Terje Ness, Gull
	2003: Charles Tjessem, Gull
	2005: Tom-Victor Gausdal, Sølv
	2007: Sven Erik Renaa, Beste fisk
	2009: Geir Skeie, Gull
	2011: Gunnar Hvarnes, Bronse 
Sjå biletserie frå Flickr her:






