Skal tala elevane si sak

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skal ta problema i skulen ut frå klasseromma og inn på kontoret til Kristin Halvorsen, sa han i talen til Elevtinget.

Fjeldavli kjem frå Bodø, og har bakgrunn som politisk nestleiar i sentralstyret, fylkesleiar i Nordland og elevrådsleiar på Bodin VGS. 1. juli troppar han på som ny leiar av Elevorganisasjonen.

Axel Fjeldavli er òg Elevorganisasjonen sin nye medietalsmann og vil vere stemme i media for elevane saman med sitjande leiar Andreas Borud.

– Elevorganisasjonen skal kjempa for at elevane får ei stemme i skulepolitikken. Det er vi som kjenner norsk skule på kroppen kvar einaste dag, og det er oss skolen er til for. Då skulle det berre mangla at vi blir høyrd, seier Fjeldavli.

LES OGSÅ: Ungdom skal jobbe for ungdom i Nepal

I talen til Elevtinget la Fjeldavli vekt på at elevråda ved norske skular må bli sterkare.

– Elevorganisasjonen veks, og vi har mange utfordringar framfor oss. Med snart 400 medlemsskular må vi satsa meir på elevråda. Utan sterke elevråd som får gjennomslag, vil ikkje elevane oppleve at dei blir høyrd i sin eigen skolekvardag, seier Fjeldavli.

LES OGSÅ: – Meir elevmakt er nøkkelen til verdas beste skule