Sju av ti trivst i fylket sitt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folk i Oslo og Akershus likar seg best, der er 77 prosent er nøgde, 22 prosent passe nøgde og ingen misnøgde. I Nord-Noreg er dei minst begeistra, men også der er over 66 prosent nøgde.

Av dei som bur på Vestlandet, er over 70 prosent nøgde med fylket sitt, medan Midt-Noreg har 73,4 prosent nøgde innbyggjarar. Sørlandet og Austlandet ligg like under 70 på statistikken.

Seniorforskar Lars Østby i Statistisk sentralbyrå er ikkje overraska over resultata.

– Folk er ikkje dumme, dei bur der dei får oppfylt ønska dei har for tilværet. Og det at dei trivst der dei bur, er ein av grunnane til at vi flyttar så lite som vi gjer, seier han til Nationen.

Undersøkinga viser at av dei tenestene fylkeskommunen har ansvar for, er folk minst nøgde med samferdsel. Vidaregåande opplæring og tannhelsetenesta scorar best. (©NPK)