Raude Raymond reflekterer

Nokon burde snart vurderer å opprette ei side med tittelen «raudgrøne politikarar reflekterer over ting».

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Den nylig avlidne diktator Kim Jong-Il hadde ei eiga fan-side med tittelen «Kim Jong-Il looking at things», dedikert til bilete av diktatoren som studerte alt frå fabrikkar til poteter. Nokon burde snart vurderer å opprette ei side med tittelen «raudgrøne politikarar reflekterer over ting». I så måte kan Raymond Johansen sine innlegg i Dagbladet den siste tida vere ein god start.

Det er tydelegvis ikkje berre utanriksminister Jonas Gahr Støre som er ekspert på lange, verdirelativistiske refleksjonar om verda ikring oss. I kronikken «Tillit og politikk i supermaktene» deler partisekretær Raymond Johansen (Ap) sine refleksjonar rundt det pågåande amerikanske presidentvalet og den tilsvarande prosessen i det autoritære Kina.

I særleg grad kritiserer Johansen såkalla Super PACs, interesseorganisasjonar som brukar enorme pengesummar på å støtte ulike parti i den amerikanske valkampen. I kontrast til det uføreseielege rotteracet i USA, står visstnok Kina, som trass i at det er eit hardhendt diktatur legg stor vekt på «langsiktighet og stabilitet». Kinesiske leiarar «er avhengig av å ha tillit i befolkningen», og har dessutan blitt forma av «prøvelsene» under kulturrevolusjonen. Eg er ingen tilhengjar av overdriven språkbruk, men å kalle eit systematisk massemord og undertrykking av millionar av menneske for «prøvelser», er i alle fall ikkje å ta for hardt i.

At ein framståande representant for regjeringa kunne få seg til å skrive ein kronikk om Kina utan å nemne orda menneskerettar og diktatur har vakt stor oppsikt. Etter å ha fått velfortent kritikk i landets debatt- og leiarspalter, forsøker Johansen å nyansere inntrykket med debattinnlegget «Vår forståelse av Kina» 12. mars. Der stadfestar Johansen at han er klar over at Kina er eit diktatur som begår betydelege menneskerettsbrot. Det er betryggande.

Overraskande nok stadfestar likevel Johansen hovudbodskapen: Vi nordmenn har eit for positivt og nyansert syn på det amerikanske demokratiet, og eit for negativt og unyansert syn på det kinesiske diktaturet.

Vel er det grunn til å rette kritikk mot ein handlingslamma amerikansk kongress, og kanskje også mot dei store pengane som er involverte i amerikanske Super PACs. Men det får då vere grenser. Heldigvis finst der meir fornuftige røyster enn Raymond Johansen. Og – av alle stadar – fann eg éi av dei i kommentarfeltet på dagbladet.no. I første kommentar til Johansens kronikk skriv nemleg «Iqqi»: «Vel, AP. Norge har jo sin egen Super PAC; LO, som gir millioner til partiet mot klare forventninger. Det er vel ikke mye forskjell her.»

Innlegg på trykk i Dagbladet 14. mars.