Vann med nynorsk motemagasin

Puella Magasin stakk av med den gjevaste prisen på fylkesmessa for ungdomsbedrifter.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saman med Trimigrering UB frå Flora vidaregåande skule skal Puella Magasin UB representera Sogn og Fjordane på NM for ungdomsbedrifter i mai.

Det er klart etter fylkesmessa i Førde torsdag.

– Rimeleg mote
Ungdomsbedrifta Puella Magasin, som består av Emilie Risnes Øyre, Anja Helen Kandal, Monica Flatland og Gudrun Ness har gitt ut sitt eige motemagasin på nynorsk. Magasinet har søkjelys på rimeleg mote og skal visa at moteklede nødvendigvis ikkje treng å vera dyre.

Med fargerike bilder, lekkert design og gode motetips var dei ein klar vinnar i klassen "Beste ungdomsbedrift", melder Ungt entreprenørskap Sogn og Fjordane. Bedrifta tok med seg fleire prisar under fylkesmessa

Mediebedrifter
Også dei to ungdomsbedriftene frå medielina ved Sogndal vidaregåande skule sanka prisar på messa. Heile tre første- og to andrepremiar vart det til skulen.

Mediakompaniet UB vann kategoriane "Beste Marknadsføringstiltak" og "Beste HR-verksemd". Kreativ Media UB vann klassen "Beste Teneste". Mediakompaniet kom dessutan på 2. plass i konkurransen "Beste ungdomsbedrift" og 2. plass i klassen "Beste Rekneskap".

Dei to verksemdene på har jobba tett i lag med mange prosjekt, og produkta dei leverer er mellom anna nett-tv, foto, websider og logodesign. Dei to verksemdene vekte oppsikt på messa med eit fullt rigga streamingoppsett med tre kamera mellom dei to standene sine.

LES OGSÅ: Vil vise deg billegg mote

Fredag opplyser Ungt Entreprenørskap at Mediakompaniet UB er vortne nominerte til NM i klassen "Beste marknadsføring". Det vil seia at dei ved god dokumentasjon, i konkurranse med bedrifter frå heile landet, kan kvalifisera seg til deltaking i NM.

Nerk SB frå Høgskulen i Sogn og Fjordane vart kåra til beste studentbedrift.

Åshild Kjelsnes opna fylkesmessa, og fylkesvaraordførar Jenny Følling var ein av dommarane som deltok.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Prisvinnarar på fylkesmessa 2012

Beste ungdomsbedrift
1. plass : Puella Magasin UB, Luster vgs

2. plass : Mediakompaniet UB, Sogndal vgs

3. plass : Trimigrering UB, Flora vgs

Beste studentbedrift
1. plass : Nerk SB, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Beste sosiale entreprenørskapsprosjekt
1. plass : Trimigrering UB, Flora vgs

Beste innovative produkt
1. plass : Datatech UB, Øyrane vgs

2. plass : Puella Magasin UB, Luster vgs

Beste produkt
1. plass : Mo foredling UB, Mo og Jølster vgs

2. plass : Blue Cloud Computing UB, Øyrane vgs

3. plass : Kyst UB, Måløy vgs

Beste teneste
1. plass : Kreativ Media UB, Sogndal vgs

2. plass : Havsmak UB, Måløy vgs

Beste rekneskap
1. plass : Mico Media UB, Mo og Jølster vgs

2. plass : Mediakompaniet UB, Sogndal vgs

Beste utstilling
1. plass : Kyst UB, Måløy vgs

Beste internasjonale prosjekt
1.plass : Prosjekt Malawi UB, Flora vgs

Beste produktdesign
1. plass : Puella Magasin UB, Luster vgs

2. plass : Klæsj! UB, Mo og Jølster vgs

Beste marknadsføringstiltak
1. plass : Mediakompaniet UB, Sogndal vgs

2. plass : Mico Media UB, Mo og Jølster vgs

3. plass : Klæsj! UB, Mo og Jølster vgs

Beste HR (Human Relations) bedrift
1. plass : Mediakompaniet UB, Sogndal vgs

LES SAKA I SOGN AVIS!