I fjor vart det bygd ned mindre matjord i Noreg enn i noko år sidan 1976. Nedbygginga var i 2011 berre det halve av snittet for åra 1995 til 2004.

NPK
NPK

Men framleis er det den beste matjorda som blir bygd ned. I fjor som åra før var fylka Rogaland og Sør-Trøndelag blant dei verste til å omdisponere og byggje ned matjord.

I alt vart 6.067 mål matjord bygd ned i Noreg i fjor, viser førebels tal frå Statistisk sentralbyrå.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) er godt nøgd med nedgangen og at kommunane ser ut til å følgje signala frå regjeringa om å styrkje jordvernet.

– I 2004 vart det sett eit mål om halvere nedbygginga av matjord. Med dei tala som no ligg føre for 2011, er vi så godt som på dette målet, seier Brekk i ei pressemelding.

Sidan andre verdskrigen har det vore bygd ned 1,2 millionar mål dyrka og dyrkbar jord i Noreg. Det er over ein tidel av dyrkamarka. Det meste av dette er av den beste matjorda, den som eignar seg til korndyrking.

Noreg er eitt av dei landa i verda som har minst matjord per innbyggjar. Dei beste areala, matkornjorda, er i all hovudsak for lengst dyrka opp.

– No er det gjerne nettopp desse areala vi øydelegg, seier landbruksministeren.

– Dyrkingsreservane ligg i område med langt dårlegare vekstforhold og skrinnare jordsmonn. God matjord er derfor ein av dei knappaste ressursane vi har i Noreg, seier Brekk, som vil halde oppe trykket på jordvern i åra som kjem.

– Det er eit sterkt og aukande utbyggingspress i mange byregionar der det finst særs verdifulle jordbruksareal. Det er også mange samferdselsprosjekt under planlegging som kan komme til å gå hardt ut over matjorda viss vi ikkje tar nok omsyn til dette. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE