Vil lage musikk med innhald

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magnus Bringsvor er låtskrivar i Circuit of Values. Bandet har heldt på sidan 2006, men er først no ute med sitt debut-album; «Digital».

Noko anna
– «Digital» er eit konseptalbum med tekstar av sylskarp sosialpolitisk brodd i ein miks av pop, rock og folk rock. Verdisyn og engasjement pregar musikken, det er musikk som ikkje er typisk 2012, håpar vi. Vi følgjer ikkje straumen, men lagar musikk vi likar og med noko vi er oppteken av å formidle, fortel låtskrivaren.

Sjølv har han høyrd mykje på musikk frå 60- og 70-talet og vore inspirert av mellom anna Bob Dylan og Pink Floyd. Av musikk i dag trekk han fram Jonas Alaska, som gjer ting enkelt, men med gode tekstar.

Det er nok musikk som folk dansar og festar til.

– For meg som låtskrivar er det ei større meistringsoppleving og ein større kjensle av å gi ei oppleving om eg ser nokon gråte av det dei høyrer enn å danse. Men herlighet, folk reagerer på det dei føler når dei høyrer musikken, og om det er dansing, gråting eller noko anna er det uansett kjekt. Vi føler det er rom for mange type følelsar i vår musikk.»
 
Kjærleik, engasjement og digitale konsekvensar
Den nye plata er todelt, der den første delen tek for seg tema som kjærleik, solidaritet, engasjement og identitet. Medan del to er prega av den digitale utviklinga sine konsekvensar, deriblant isolasjon og framandgjering.

Bringsvor har merka seg ei enorm digital utvikling som det er lett å miste kontrollen over.

– Dei sosiale media, til dømes Facebook, har fått ein stor plass i samfunnet, eg synest ikkje vi er kritiske nok i denne utviklinga. Også her ser ein at mykje av det viktige druknar i det uviktige, det er gjerne den som ropar høgast som blir høyrd, uavhengig av innhald. Sosial frigjering er heilt klart bra, men når alle skal ha modellbilete av seg sjølv, så kan ein spørje seg om det har gått noko langt.

– Folk må tørre å vere seg sjølv og ikkje gøyme seg bak ein skapt profil på nettet. Det er klart at dei som fungerer dårleg sosialt kan finne ein slags farleg tryggleik i den virtuelle verda, fortel han om innhaldet i fleire av tekstane.
 
Bruker Facebook sjølv
Han påpeikar likevel at dei ikkje ynskjer å vere ein moralsk peikefinger, men heller ein sosial kommentar.

– Det er klart at vi som band sjølv er avhengig av dei sosiale media for promotering av musikken vår. Det er også på nettet musikken vår er tilgjengeleg.
 
Skal det skje noko, må ein gjere det sjølv
Magnus Bringsvor starta sitt musikkengasjement i heimbygda Fjørtoft i Møre og Romsdal, der målet var å få spele opp til dans. Seinare flytta han til Volda for å gå musikklinja på Vidaregåande, der møtte han eit større musikkmiljø og eit politisk ungdomsengasjement. Sidan då brukte han bevisst musikken for å uttrykkje seg.

– Eg har vore vant med at ein må gjere det sjølv, om det skal skje noko, fortel han. Produksjon av albumet har dei også tatt ansvar for sjølve, alt frå teikning av cover til innspeling av musikk på Audiofarm i Ørsta.
 
– Alt det store byrjar i det små
– Circuit of Values driv med musikk, fordi det er det vi likar å halde på med. Vi har spelt ein dei i lokalområdet, mykje på pubar der publikum nødvendigvis ikkje er så interessert i kva vi gjer, men alt det store byrjar jo i det små. Vi har fått mykje gode tilbakemeldingar, sterke kjenslereaksjonar og fleire har skildra musikken vår som noko spesielt, og det ser vi på som svært verdifullt, fortel han.

Planane framover er å få spele ein del denne våren og til sommaren. Det er no det byrjar, avsluttar Bringsvor.
 

Sjå YouTube-videoen deira: