Betre skikka til cricket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor vinter gjekk ivrige cricketentusiastar saman og grunnla ei eiga cricketgruppe ved NTNUI. I dag består den ferske gruppa av spelarar frå India, Pakistan, Bangladesh og Noreg. Størstedelen av gruppa består av utvekslingsstudentar som gjerne har speleerfaring frå heimlandet.

Armeen Chilwan tok initiativ til gruppa i fjor, han ville gje medstudentar moglegheit til å spele cricket i Noreg.

– All sport krevjer hardt arbeid, særleg i byrjinga. Gruppa vår er framleis i oppstartsfasen, men me håper at medlemstala vil auke jamnt, seier leiar Armeen Chilwan som også er utvekslingsstudent.

Minner om baseball
Cricket er kort fortalt ein lagsport for to lag som utøves med ein liten, hard lærball og eit flatt balltre på ein elliptisk grasbane, og kan for mange minne om baseball. Sporten oppstod opprinneleg i England, men spreidde seg fort til andre kontinent gjennom dei gamle engelske koloniane. I Noreg er sporten mest populær blant innvandrarar frå Pakistan, India, Australia og andre cricketnasjonar.

Turnering
På laurdag konkurrerte ivrige cricketspelarar mot kvarandre i idrettsbygget på Dragvoll, men med manko på spelarar og det faktum at det eigentleg er ein utandørs sport måtte dei gjere enkelte endringar.

– Me speler med mindre lag og brukar ikkje den drakta me ville brukt ute. I tillegg bruker me mjuk ball, ellers kunne me øydelagd mykje her inne, seier Hassan Chauhan.

Turneringa varte berre ein dag i denne omgongen, noko som ikkje er lenge i forhold til kor lenge éin kamp kan vare. Avhengig av kva type cricket du speler kan ein kamp aleine vare i alt frå tre timar til heile fem dagar.

Nordmenn i mindretal
Cricket er for nordmenn flest ein mindre kjend sport, men i land som India og Pakistan fins det ikkje ei sjel som ikkje har høyrd om den. Erling Haugsand er blant nordmenna som har opna auga for sporten.

– Eg budde og studerte eit år i India då eg gjekk på vidaregåande, og det var då eg byrja å spele gatecricket, seier Haugsand.

Gatecricket er ein populær versjon av sporten blant unge, både i India og Pakistan. Dei får det inn med morsmelka på same måte som me er «fødde med ski på beina». Haugsand trur likevel at interessa blant nordmenn vil auke etterkvart.

– Det er mange innvikla reglar i cricket, men når ein først kjem inn i dei går det bra. Eg har rekruttert fleire kompisar til gruppa, og sjølv om me er nybegynnarar i forhold til utvekslingsstudentane, har me det gøy, seier Haugsand.