Krev gransking av torturfrakt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsstyret til Unge Venstre meiner Stortinget må gjera som Litauen sitt parlament og granske dei moglege torturflya til CIA i Noreg.

Luftfartstilsynet og Avinor stadfesta tidlegare i vinter overfor ABC Nyheter at minst tre fly frå den amerikanske etterretningstenesta CIA har landa på norsk jord. Desse flya har truleg frakta fangar til torturfengselet til CIA i Litauen.

LES SAKA: Her lander CIA-fanger i Norge

– Me kan ikkje sjå gjennom fingrane med dette. Det er fullstendig uakseptabelt, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn til Framtida.no om flytransporten.

Avhøyrt med tortur
På Gardermoen sto eit av flya i eit heilt døgn, medan dei to andre flyene stod høvesvis 52 minutt på Sola og 46 minutt på Flesland. Flya er identifisert både i ei parlamentarisk gransking i Litauen og av ulike menneskerettsgrupper.

Det litauiske parlamentet granska saka etter at det vart avslørt at det var hemmelege CIA-fengsel i landet. I desse fengsla skal det ha blitt brukt avhøyrsteknikkar som bryt med FN-forbodet mot bruk av tortur, som til dømes vasstortur.

LES OGSÅ: Pentagon satsar millionar på robot-soldatar

Den litauiske granskingskommisjonen slår i rapporten sin fast at eit fly som landa på Gardermoen 6. oktober 2005 var knytt til transport av ein CIA-fange.

Til sak i Strasbourg
Den litauiske kommisjonen slår òg fast at tollinspektørane blei nekta tilgjenge til flyet av representantar frå dei hemmelege tenestene i Litauen. Då ABC Nyheter spurte Tollvesenet om flya blei sjekka i Noreg, viste dei til teieplikta.

Avinor opplyste at rekninga for opphaldet på Gardermoen er betalt av eit selskap frå USA, Victory Aviation, som held til i Fort Lauderdale, Florida. Dette selskapet har blant anna Amnesty International knytt til CIA og fangetransportane til byrået.

Like før jul gjekk ein av fangane som skal ha vorte utsett for tortur, Abu Zubaydah, til sak mot Litauen ved den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Sjokkerande
Sidan ABC Nyheter skreiv om dei hemmelege flytransportane har det vore heilt stille frå dei politiske partia på Stortinget.

– Me meiner det er sjokkerande at norske styresmakter ikkje har granska desse flytransportane, seier Sveinung Rotevatn.

LES OGSÅ: Brått ville alle ha meir overvaking

Han minner om at Grunnlova, Straffelova og Den europeiske menneskerettskonvensjon klart forbyr tortur, kvar og ein medverknad til tortur frå offentleg tenestemenn, og minner om at det er Stortinget si oppgåve å føre kontroll med regjeringa og dei ansvarlege statsrådane.

Unge Venstre ynskjer difor at Stortinget set ned ein granskingskommisjon etter modell frå det litauiske parlamentet.

– Ein rettsstat som Noreg bør klara dette, seier Rotevatn til Framtida.no.