Noreg nest best i europeisk undersøking
Noreg skårar svært høgt når det kjem til akademisk sjølvstende.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tek sølv i sjølv- stende i Europa
I undersøkinga gjort av den europeiske interesseorganisasjonen for universitet, European University Association(EUA) skåra Noreg heile 97% på sjølvstendeskalaen. Rett bak Irland med 100%.
Undersøkinga hadde som formål å måla samanhengen mellom Universiteta si sjølvstende og den faglege utviklinga dei har, skriv Universitetsavisa.
Faktorane som bestemmer grada av akademisk autonomi handlar om studentar og studieprogram, begrensa til undervisningsdelen. Det Noreg skårar høgt på er at dei ulike institusjonane har eige mandat til å setja inntaket av studentar og står fritt til å velga studentar basert på karakterar. I mange andre europeiske land er dette bestemt av forhandlingar mellom dei ulike institusjonane og bevilgande myndigheiter.
ØKONOMISK UFRIE
I resten av undersøkinga ligg derimot Noreg lenger ned på lista. Lengst ned skårar Noreg når det gjeld økonomisk autonomi, som handlar om sjølvstende i forhold til å setja skulepengar, til å disponera overskudd fritt, retten til låneopptak og eigedomsrett over bygningar. Norske myndigheiter har bestemt at utdanning skal vera gratis.
Olav Stave, generalsekretær i Universitets- og høgskulerådet (UHR) er likevel svært nøgd med resultatet av undersøkinga.
– UHR har ikkje hatt ein veldig stor diskusjon i forbindelse med undersøkinga. Den vesentligste dimensjonen er akademisk autonomi. Her kjem Noreg bra ut. Me kjem også rimeleg bra ut på organisasjons- og bemanningssida. Me har god autonomi, fortel han til Universitetsavisa. Stave fortel vidare at undersøkinga ikkje har ført til store reaksjonar i Noreg. Undersøkinga vart presentert for Kyrkje-, utdanning- og forskningskomiteen (KUF) i januar gjennom UHR, men dei har ikkje mottatt nokre umiddelbare reaksjonar.
–Begrepet autonomi er vanskeleg, men viktig. Denne undersøkinga kan vere eit skritt på vegen til å gi begrepet innhald, seier Stave.
STORBRITTANIA SKÅRA HØGST
Undersøkinga er gjort mellom om lag 26 europeiske land, både EU-medlem og EØS-land, der Storbrittania var landet som skåra høgst totalt. Frå undersøkinga kjem det også fram at finanskrisa har vore ein stor trussel mot universiteta, der ein ser økonomiske innstrammingar hjå universiteta i mange europeiske land. I til dømes Latvia har budsjetta minka med 50 %. Stave meiner at i Noreg derimot går det i riktig retning.
–Det er viktig at departementet no reduserer detaljstyringa gjennom å redusere verksmedmåla frå 36 til 13 parameter. I tillegg kan institusjonane sjølv no definere eigne verksemdsmål.