Fattigdomen i verda minkar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Godt nytt om verdsøkonomien er sjeldan kost i desse dagar. Men nyleg kom Verdsbanken med nokre tal som både er oppløftande og forbløffande: Prosentdelen av ekstremt fattige i verda er meir enn halvert sidan 1990, og den ekstreme fattigdomen har blitt redusert i alle regionar i tredje verda. Og – svært overraskande – denne fattigdomsreduksjonen ser ut til å ha halde fram også etter at finanskrisa tok til i 2008. Det siste er i så fall i strid med Verdsbankens eigne prognosar.

Halvert fattigdomsdel
I meldinga som Verdsbanken sende ut 29. februar, kan ein mellom anna lese dette:

– I 2008 levde kring 1,29 milliardar menneske på mindre enn 1,25 dollar for dagen, som er dagens verdsbankdefinisjon på ekstrem fattigdom. Det tilsvarte 22 prosent av befolkninga i utviklingslanda.

– I 1981 levde heile 1,94 milliardar menneske i ekstrem fattigdom, ut frå eit tilsvarande inntektsmål justert for kjøpekraft.

– Frå 1981 til 2008 vart andelen absolutt fattige i utviklingslanda redusert frå å utgjere over halve befolkninga til under ein fjerdedel.

– Frå 2005 til 2008 vart den ekstreme fattigdomen redusert i alle regionar i tredje verda. Det er den første perioden at dette skjer sidan Verdsbanken byrja lage slike oversiktar i 1981.

– I 2008 var første gongen at under halve befolkninga i Afrika sør for Sahara levde i ekstrem fattigdom.

– Dei førebelse tala for 2010, som rett nok har tynnare datagrunnlag og difor er enda meir usikre, tyder på at den ekstreme fattigdomen var redusert ytterlegare sidan 2008.

Tusenårsmålet nådd
Det er noko tilsynelatande fornuftsstridig med dei nye opplysningane frå Verdsbanken. Krisetider råkar vanlegvis dei fattigaste svært hardt. Mykje av verda er framleis skaka av den verste økonomiske krisa på 80 år, og attpåtil har oljeprisen og matvareprisane på verdsmarknaden for det meste vore svært høge dei siste åra. Dermed kunne ein heller venta seg ein stor auke i talet på ekstremt fattige enn ein nedgang. Men dei nyaste tala frå Verdsbanken tyder altså på at den ekstreme fattigdomen i verda faktisk har blitt redusert også under finans- og gjeldskrisa.

Om tala frå Verdsbanken gjev eit rett bilete, inneber det òg at eitt av dei såkalla tusenårsmåla til FN, og attpåtil eitt av dei mest ambisiøse, er oppnådd fem år før tida. I 2000 sette FN som mål at den absolutte fattigdomen i verda skulle halverast frå 1990 til 2015. Om målet er nådd alt no, er det eit særsyn: Storslegne lovnader frå verdas toppleiarar om utvikling i den tredje verda brukar ikkje å bli oppfylte før tida, om dei da blir det i det heile.

Dei tre store
Ei openberr forklaring på den reduserte fattigdomen er den sterke veksten i svært folkerike land som Kina, India og Brasil dei siste tiåra. Aller viktigast er utviklinga i Kina. Frå 1981 til 2008 vart talet på ekstremt fattige i Kina redusert med kring 700 millionar menneske, meiner Verdsbanken, og andelen av ekstremt fattige i befolkninga fall frå 84 prosent til 13 prosent.

Veksten i Kina, India og Brasil har gått sin gang også medan USA og Europa har strevd med finanskrise og gjeldskrise, berre i litt redusert tempo. Og den økonomiske framgangen i desse kjempelanda har òg kome mange andre utviklingsland til gode, særleg dei som eksporterer råvarer. Krisa dei siste åra er slik sett utypisk, ved at ho ikkje har ført til kollaps i dei internasjonale råvareprisane.

Ryggen til Vesten
Dessutan er det eit anna interessant fenomen som har gjort seg gjeldande sidan det store krakket hausten 2008: Mange økonomar venta at finanskrisa skulle føre til stor kapitalflukt frå utviklingslanda, og at investorar ville plassere pengane sine i tradisjonelt tryggare hamner som USA og Vest-Europa. Men denne gongen gjekk det ikkje slik, i alle fall ikkje i særleg omfang. Mange internasjonale investorar har tvert imot snudd ryggen til det stagnerte og gjeldstyngde Vesten, og i staden investert i utviklingsland der veksten har vore langt sterkare. Det har dei etter alt å døme gjort klokt i. Dessutan kjem no langt meir av investeringane i dei fattigaste landa frå store utviklingsland som Kina og India.

»Tidlegare kriser i den rike verda har hatt ein sterk og umiddelbar effekt i utviklingslanda. Men denne gongen var verknaden langt mindre, og utviklingslanda følgde ikkje USA og Europa inn i lange resesjonar«, sa nyleg den amerikanske utviklingsforskaren Charles Kenny til New York Times. Og dette er bra for alle, påpeikar Kenny: Vekta i utviklingslanda er i neste omgang til hjelp også for dei rike landa som strevar økonomisk.

Framleis sårbare
Trass i dei oppløftande utviklingstrekka som Verdsbanken meiner å sjå, skal ikkje framgangen i det fattigaste landa overdrivast: Mange av dei som har kome seg ut av den aller verste nauda, er ikkje så mykje betre stilte enn dei var før. Den som så vidt har klatra over inntektsgrensa på 1,25 dollar dagen, er framleis lutfattig. I 2008 levde kring 43 prosent av befolkninga i fattige land på under 2 dollar dagen, meiner Verdsbanken. Og denne gruppa har ikkje blitt redusert på same vis som andelen ekstremfattige sidan 1981.

»Opphopinga av folk rett over grensa for ekstrem fattigdom syner kor sårbare mange av dei fattige i verda er. Og med dagens tempo i framgangen kjem kring ein milliard menneske framleis til å leve i ekstrem fattigdom i 2015«, understreka forskingsdirektør Martin Ravallion i Verdsbanken da dei nye tala vart lagde fram.

Utvikling er ikkje det det eingong var
Den tradisjonelle tenkinga om bistand blir no utfordra. Det er spennande tider, seier utviklingsforskar Dan Banik.

Tala frå Verdsbanken er gledelege og i tråd med kjende utviklingstrekk, meiner Dan Banik. Han er forskingsleiar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

– Vi veit at det skjer forbetringar i levekåra i store delar av verda, ikkje minst har land som Kina og India gjort raske framsteg. Det har òg vore framgang i Afrika sør for Sahara, sjølv om det går mykje saktare. Men det er viktig å hugse at dei som så vidt har kome over den absolutte fattigdomsgrensa ikkje har fått det så mykje betre enn før. Dei er veldig sårbare for alt frå høgare matprisar til naturkatastrofar, og kan lett falle under fattigdomsgrensa att.

Eigne premissar
– Dette er uansett overraskande tal, når alt vi høyrer om i media, er økonomisk krise?

– Ja, det understrekar at krisene først og fremst er i den rike delen av verda, sjølv om Kina no merkar at etterspurnaden frå Europa går ned, seier Banik.

– Det er òg interessant at mykje av den imponerande fattigdomsreduksjonen har skjedd i land som ikkje er mottakarar av bistand, særleg Kina og India. Dei har oppnådd utvikling på sine eigne premissar.

– Det er eit interessant poeng i debatten om handel versus bistand, «trade or aid»?

– Ja, men det er ikkje noko anten eller der. Det er ikkje slik at mange land i Afrika kom til å få framgang berre vi kutta bistanden, dei kom tvert imot til å få store problem. Både bistand og handel trengst. Men dette er spennande tider, og den tradisjonelle tenkinga om bistand blir utfordra.

Mindre krav
Både Kina og India er store investorar i Afrika, men dei driv òg bistand – gjerne i byte mot tilgang på naturressursar, påpeikar Banik.

– Dei kjem med sine eigne bistandsmodellar, og stiller ikkje så mange krav om menneskerettar, arbeidarrettar eller demokrati. For mange statsleiarar i Afrika kan dette vere attraktivt. Men det er ikkje sikkert at det alltid er like bra for folk flest i desse landa. Kina bidreg til vekst og ny infrastruktur i Afrika, men ein kan lure på korleis den kinesiske innmarsjen vil påverke korrupsjonen og den politiske utviklinga.

Eit anna nytt fenomen er at utviklingsland ser meir til kvarandre for å hente inspirasjon, meiner Banik.

– Veldig mange fattige land ser opp til framgangen Kina, Brasil og India har hatt, og vil lære av utviklingsmodellane deira. India er til dømes interessert i den brasilianske ordninga der fattige familiar får kontantar mot at dei sender barna på skulen og vaksinerer dei.

Les saka i Dag og Tid her!