Språkrådet hardt ut mot sidemålsframlegg

I eit brev til Kunnskapsdepartementet skriv Språkrådet at framlegget om å redusere den skriftlege sidemålsopplæringa er i strid med den gjeldande språkpolitikken.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet viser mellom anna til språkmeldinga Mål og meining, der det vart slått fast at «det er viktig å sikra skuleelevar god opplæring i begge målformer, og sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast».

– Nynorskelevar og bokmålselevar har ein felles språkleg arv og eit felles språkleg ansvar og rett til å lære seg nasjonalspråket med dei to målformene. Både statusen til, bruken av og skriveferdigheitene i det mindre brukte nasjonalspråket nynorsk er avhengig av ei velfungerande sidemålsopplæring, skriv språkdirektør Arnfinn Vonen og fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja mellom anna i det ni sider lange brevet til departementet.

Språkrådet poengterer at det ikkje er stadfesta gjennom forsking at elevane blir betre i hovudmålet viss dei får mindre opplæring i sidemål.

– Dess lågare nynorskkompetansen til bokmålsbrukarane blir, dess høgare blir venteleg terskelen for at dei bruker nynorsk, noko som vil medverke til å marginalisere nynorsk og nynorskbrukarar, står det i brevet.

Språkrådet rår i brevet departementet til å leggje vekt på prosjektresultata frå Nynorsksenteret og råda frå Forum for norskfaget, som åtvarar mot å fjerne sidemålskarakteren. (©NPK)