Stavanger vil registrera alle ungdommar dei mistenkjer for å vera fulle på heime-aleine-festar.

NPK-NTB
NPK-NTB

I eit forsøk på å forhindre vald og kriminalitet vil Stavanger kommune registrere alkoholpåverka ungdommar på heime-aleine-festar.

Offensiven mot heime-aleine-festar blir sparka i gang i mai og skal vare i seks månader. På festar der politiet blir tilkalla, skal også barnevernsvakta rykkje ut. Dei som er rusa, får namnet sitt registrert og foreldra skal varslast. Namna blir registrerte i registeret til barnevernsvakta, skriv Aftenbladet.

– Målet vårt er å notere ned namna på dei vi trur har drukke. I dag er kriteriet for å bli notert ned at du har drukke eller bryt lova på andre måtar. Vi vil leggje den lista mykje lågare. Er vi i tvil om dei har drukke, tar vi namnet, seier Svein Helland Sivertsen i Stavanger kommune. Han arbeider med å førebyggje kriminalitet blant ungdom.

LES OGSÅ: Forbode å vera ute etter klokka 22

– Vi ser mindreårige som drikk alkohol og veit det aukar risikoen for valdsepisodar, hærverk, skadeverk og at jenter kan bli utsette for seksuelle overgrep. Vi er svært skeptiske til denne typen festar der vaksenkontrollen er totalt fråverande, seier Sivertsen.

Barnevernsvakta opplyser at det viktigaste med aksjonen er at foreldra får informasjon.

Datatilsynet er skeptisk og minner om at det trengst ein lovheimel dersom ein skal registrere personopplysningar.

– Ein må få lov til å ha festlege samkome sjølv om ein er 17 år. Dersom dei reiser ut og noterer ned alle som blir rusa på festen, og du dermed hamnar i barnevernsvaktregisteret, høyrest ikkje det ut som eit sakleg grunnlag. Dei må vere ryddige i det dei gjer. Det er stor forskjell på å leggje noko inn i ein database og å notere det ned mellombels, seier informasjonssjef Ove Skåra i Datatilsynet. (©NPK)

Kva meiner du om forslaget frå Stavanger kommune?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE