Framande planter og smådyr truar

Antarktis blir invadert av framande planter og smådyr som aldri før har vore sett så langt sør.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nykomarane kan true sårbare artar i det fint avbalanserte økosystemet, seier forskarar.

Vitskapsfolk og turistar som besøkjer regionen rundt Sørpolen, har ofte med seg plantefrø – utan at dei sjølve er klar over det. Frøa skjuler seg i klede og støvlar og fell ut for seinare å spire, fortel den britiske kringkastinga, BBC.

Framande artar er rekna som nokon av dei største truslane mot miljøbalansen i Antarktis, skriv Reuters og viser til ein rapport som tidsskriftet til det amerikanske vitskapsakademiet, PNAS, offentleggjorde denne veka.

Ber på frø
Antarktis får kvart år besøk av over 33.000 turistar og 7.000 forskarar. Ei to månader lang undersøking har vist at mange av desse ber på plantefrø og andre små organismar frå heimlandet eller frå andre land dei har besøkt.

QUIZ: Prøv den store klimaquizen vår!

Det handlar ikkje om store mengder: I snitt hadde kvar person som blei undersøkt, med seg 9,5 frø i klede og bagasje over dei to månadene undersøkinga gjekk føre seg. Men hos enkelte var mengdene langt større.

– Dei som bar på mest, hadde verkeleg store mengder frø med seg. Det handla nok om at dette må bli sett på som ein verkeleg alvorleg trussel, seier Dana Bergstrom i det australske Antarktis-direktoratet.

Kan formeire seg?
– Over halvparten av dei som blei undersøkt, hadde besøkt andre kaldklimaområde i året som var. Dette gjer det enda meir sannsynleg at organismane dei hadde med seg, kunne formeire seg i dei varmare delane av Antarktis, legg ho til.

Ho forklarer at plantefrøa og smådyra som besøkjande uforvarande tek med seg, ofte er meir hardføre enn dei organismane som frå før av finst i regionen, og dei vinn kampen om å overleve.

LES OGSÅ: Tragedie og eventyr

– Dermed kan noko av det biologiske mangfaldet gå tapt, seier Bergstrom.

Forskaren Steven Chown ved Stellenbosch-universitetet i Sør-Afrika påpeiker at fagfolk tidlegare trudde at klimaet i Antarktis var for tøft til at framande artar kunne overleve der. Dei gløymde at det finst relativt store isfrie område der frø kan spire, seier han. (©NPK)