Krev kompensasjon for master

Energiutvalet meiner kommunane må få kompensasjon når det blir råka av store kraftnettutbyggingar. Energiministeren er skeptisk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev kraftmast- kompensasjon

Energiutvalet leverte måndag sluttrapporten sin til energiminister Ola Borten Moe (Sp) og foreslår der mellom anna å innføre ei eiga kompensasjonsordning for kommunar som blir utsett for store leidningsprosjekt.

– Kompensasjon kan vere rettferdig og utjamnande når éin kommune får ulempene ved ei utbygging, mens ein nabokommune får fordelane. Ordninga kan også smørje systemet og gjere prosjekta lettare å få gjennom, sa leiaren for utvalet, sjøfartsdirektør Olav Akselsen, før rapportleveringa.

Ordninga kan enten finansierast over statsbudsjettet eller som ein del av utbyggingsprosjektet, slik at det vil måtte dekkast over nettleiga.

Borten Moe avviser overfor Teknisk Ukeblad blankt idéen om at berørde kommunar skal ha rett til økonomisk kompensasjon for nye strømleidningar.

– Det er uaktuelt. Dette er kritisk infrastruktur som heile samfunnet har nytte av, og eit felles løft for heile landet, seier statsråden til bladet.

Borten Moe meiner det alt i dag finst gode nok kompensasjonstiltak knytt til linjebygging, mellom anna knytt til sanering av gamle nett og kamuflasjetiltak. (©NPK)