Antihelt

Atlas Sound er månadens band.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit band frå barndommen

Atlas Sound er artistnamnet til Bradford Cox når han gir ut solomateriale. Cox er fødd i 1982, i delstaten Georgia i USA. Som 12-åring fann han opp namnet Atlas Sound, og begynte å lage musikk.

Cox er fødd med Marfans syndrom, ein kronisk sjukdom som gjer at ein blir spesielt høg, med lange, tynne lemmer. Då han var rundt ti år, begynte sjukdommen å bli synleg på kroppen hans. Cox har sagt at det var fordi han ikkje hadde nokon vennar, at han begynte å lage musikk. Han identifiserte seg med hovudpersonen i filmen Edward Saksehånd, og forsøkte å lage musikk som lydde nostalgisk, melankolsk og hjarteskjerande.

Då han var tenåring, skilde foreldra hans seg. Omtrent på same tid slutta han på skulen. Han budde mykje åleine i foreldra sitt hus ute i forstadene. Musikken laga han på ei gammal karaokemaskin, for han oppdaga at maskina kunne brukast til å spele inn fleire lag med lyd. Han laga ein kassett som han kalla for Atlas Sound – men det var ikkje før han var vaksen, at dette vart eit namn verda kjende til.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Deerhunter
I 2001 starta Cox det meir kjende musikkprosjektet sitt, bandet Deerhunter, saman med Paul Harper, Dan Walton og Moses Archuleta. Harper og Walton slutta før bandet spelte inn dei første låtane sine, Adorno og Tree Spies, på ein delt singel med Alphabets tidleg i 2005. Like etter døydde bassisten Justin Bosworth i ei skate-ulukke. Dødsfallet prega Deerhunters første album, Turn It Up Faggot (2005), som hadde mykje negativitet i seg. Bandet gav seinare ute albuma Cryptograms (2007), Microcastle (2008), Weird Era Cont. (2008) og Halcyon Digest (2010).

Mellom desse albuma jobba Bradford stadig med Atlas Sound-musikken. Han skildrar måten sin å lage musikk på som «stream of consciousness». Det er eigentleg ein litterær skrivemåte, der forfattaren skriv i ein jamn straum og let innfall og avsporingar ta teksta i nye retningar. Bradford Cox har forklart at når han jobbar med Deerhunter, vil han helst berre lage skisser, og la bandet vere med på å utforme musikken. I Atlas Sound kan han lage alt sjølv, og følgje alle innfalla sine.

Åleine
Det første albumet til Atlas Sound heitte Let the Blind Lead Those Who Can See but Cannot Feel, og kom i 2008. Tekstene på albumet er sjølvbiografiske, og fortel dermed om Cox sine livserfaringar. På denne tida lytta han til dei gamle kassettane han hadde laga som barn, under same namn – der finst visstnok rundt 500. Songen Spring Hall Convert, som er på Deerhunter-albumet frå 2007, var inspirert av desse gamle opptaka.

Atlas Sound sitt andre album kom allereie året etter, og heitte Logos. Cox sa at desse songane ikkje handla om han; han var blitt lei av å kike innover i seg sjølv. På bloggen sin posta han året etter fire demoar, som han kalla Bedroom Databank. Men den neste offisielle albumutgjevinga var Parallax (2011). Denne fekk svært gode kritikkar – slik musikken til Bradford Cox stort sett gjer.

Denne teksten stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Faktaboks

 

Gå til Myspace-sida til Atlas Sound!

Musikktips for mars

Jens Lekman – Kanske är jag kär i dig
First Aid Kit – The lions roar
Joanna Newsom – In California
Stereolab – You can fall
Zola Jesus – Hikikomori