Bybanen i Bergen vinn venleikspris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når det gjeld Bybanen i Bergen er juryen særleg begeistra for bruken av design og det estetiske.

– Markbelegg, kantar, tunnelportalar, plattformer, léskur, leidningsmaster og anna har god form, farge og materialbruk og utgjer til saman ein heilskapleg design. Bruken av vegetasjon er bevisst og kunstprosjekta i prosjektet bidreg til å heva opplevingsverdi og dei estetiske kvalitetane til Bybanen ytterlegare, heiter det i uttalen frå juryen.

Borgestadalléen får på si side prisen for arbeid som er lagt ned i drift og vedlikehald.

– Det kontinuerlege stellet av Borgestadalléen gjennom 90 år gjer at han står fram både som eit verdfullt kulturminne og eit monumentalt landskapselement. Borgestadalléen er i dag ei storslegen oppleving for dei vegfarande, heiter det i grunngjevinga.

Juryen meiner veganlegget eit glitrande døme på planlegging og bevaring av ein allé og bør setja standard for både korleis ein kan opparbeida og ta vare på allear i framtida. (©NPK)