Originaliteten er daud

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Originalitet er noko som er særeige. Det er ekte og det er opphavleg, gjerne litt sært eller rart.  Originalitet er antikken med Sokrates sine moralske spørsmål og tru på menneskeheita. Originalitet er renessansen med humanismen, Martin Luther og den tidlege vitskapen. Originalitet er den amerikanske revolusjonen med uavhengighetserklæringa og den franske revolusjonen med innføringa av demokratiske rettar. Kvar er dei originale ideane i dag? Kvar er dei litt sære personane som står utanfor samfunnet og studerer det med eit kritisk blikk? Kvar er dei nye tankane som skaper historie?
 
VG er ein av dei mest leste tidsskriftene i Noreg i dag. Kikkar ein innom nettutgåva deira ser ein kvifor. Her får ein servert overskrifter som ”Hva synes du om den svenske prinsessen sitt navn – si din mening her”, ”Neglelakk på menn – hot eller usexy?” og ”Få stylingtips fra de kuleste gutta i New York”. Har ein diskusjon om korkje menn skal gå med neglelakk eller ikkje blitt den nye samfunnskritikken og har stylingtips blitt det næraste me kjem opplysning?

I dag er ein ikkje ute etter framsteg og nye tankar, i dag vil me berre bli underhaldt – koste kva det koste vil. Ein vil sjå jentefilmar med det same konseptet kvar einaste helg i året, ein vil lese dei same bloggane om dei same designarveskene kvar einaste dag og ein vil få beskjed i lomma om kva venene våre driv med kvart einaste minutt. Og media, media gir oss det me vil ha. Ta for eksempel Google. Google optimaliserer søkeresultata dine basert på brukarhistorikk og personleg data. Korleis kan ein vera kritisk til samfunnet og korleis kan ein dyrke originaliteten i ei verd der du alltid får det du ynskjer å få? Korleis kan ein generasjon vera nyskapande når dei ikkje lengre trur at varierte artiklar er viktig fordi tankens hovudsenter har flytta seg frå hjernen til fingertuppen?

I dag er ein ferietur ikkje meir vellukka enn talet på ”likes” du får på albumet ditt. I dag er ein person ikkje meir populær enn innlegga som har blitt skriven på veggen eins. Prestasjonar er ikkje verd noko med mindre dei blir offentleggjort. Og ein treng ikkje å føle deg verd noko med mindre ein har mange kommentarar på profilbildet sitt. Er det dette livet skal handle om? Om å dele livet sitt med andre for å sjå om andre lik det? Godkjenner det? For alt skal delast nå for tida. Det finst eigne knappar for å dele nyhendeartiklane ein les, det finst funksjonar for å dele musikken ein høyrer på og det finst preminar for å dele eins nyaste innkjøp. Ein treng ikkje tenke etter sjølv kva ein lik lengre, samfunnet gjer det for ein. Kven bryr seg om å vera original? Livet er så mykje meir komfortabelt når ein følgjer straumen.

I dag har til og med skulen omfamna det overeksponerte samfunnet. Eit samfunn der ein skal vera ein av dei som er gode på å sjekke opp kunnskap på Google, og der ein blir ikkje blir oppmuntra til å vera særeigen. Ein blir fortalt at ein er vanskeleg dersom ein får dårlege karakterar.

Ein blir fortalt at ein skal ta ei utdanning. Ein blir fortalt at ein skal gjera si plikt ved å stemme på landets leiar. Ein blir fortalt at ein må få seg ein jobb. Ein blir fortalt at ein skal starte tidleg med å spare opp pengar til pensjonisttilværet. Ein blir fortalt at ein ikkje skal drive med narkotika.

Ein blir fortalt at ein skal betale skatt. Ein er fri, og denne nye fridommen fortel deg akkurat kva du skal gjera med livet ditt. Denne fridommen har gjort oss til fangar. Ein slepp ikkje ein gong frå denne fridommen i sin eigen heim – den følgjer deg som ei trådlaus mare. Den har drepe originaliteten.

I dag er ein inne i ein ekstrem tidsalder der Lady Gaga går rundt som ei lettkledd nonne i musikkvideoane sine, der Marianne Auli sel kunsten sin med å vise fram rumpa si og der namnet Muhammad blir assosiert med ei karikaturteikning. Det kan vera lett å tenkje at alt er funne opp og at alle nye tankar er tenkt. At alle tema har blitt undersøkt og at alle tabu har blitt vendt på til det ikkje er meir å finne. Men det må ha vore slik under Sokrates si tid også, og det må ha vore slik for Martin Luther. For hundre år sidan hadde ingen trudd deg dersom du sa at ein ville finna firkanta klossar med musikk inni og tv-skjermar i 3D berre eit par tiår fram i tid. Ein ser ikkje forandringa før den er der. Så kvifor har ein plutselig nå slutta med dei nye, originale tankane? Har ein blitt for avslappa? Har ein blitt for nøgde?

Kven er det ansvaret ligg på? Er det ikkje oss? Er det ikkje dei unge? Det er vår generasjon som skal stille seg kritisk til det som har vore før oss og som skal sjå på framtida med håp – men det er også vår oppgåve å leve i nået for det er her ein kan gjera ein forskjell. Det er me som skal sjå verda med andre auge. Med kritiske auge. For kva er originalitet? Er ikkje det å vera seg sjølv til tross for at samfunnet gjer sitt beste for å gjera deg om til ein annan? Eg er lei av å høyre at eg skal stemme på leiaren min. Eg er lei av å høyre at eg må bruke antirynkekrem før eg er 25 år gammal. Eg er lei av overskrifter om neglelakkar og kva folk synest om den svenske prinsessa sitt namn. Eg vil høyre noko nytt. Eg vil bli sjokkert. Og då meiner ikkje å bli sjokkert fordi Lady Gaga har funne nok ein måte å fornerma kristendommen på berre for å underhalda late ungdommar med fingeren på deleknappen.

Denne kommentaren stod først i Magasinett