Ikkje nøgde med løna

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når alt kjem til alt jobbar ein for å tena pengar, så slik sett er det ikkje så rart at løn har sterk påverknad på lojaliteten til dei tilsette, seier Stein André Haugerud, direktør i bemannings- og rekrutteringsbyrået Proffice.

– Avgjerande for å trivast
Løn er ei sterk drivkraft når tilsette i norske bedrifter vurderer karrierebyte. Det går fram av ei arbeidsmarknadsundersøking gjennomført av Respons analyse.

LES OGSÅ: Stor mangel på arbeidskraft

Den klåraste tendensen finn me i aldersgruppa 16–24 år der heile 27 prosent oppgav ynskje om høgare løn som årsak til at dei bytte jobb førre gang, vert det opplyst ei pressemelding.

– Å oppleva ei rettferdig avløning for arbeidet ein gjør, er avgjerande for å trivast på jobb, anten ein er 20 eller 60, seier Haugerud.

Misnøgde vestlendingar
Blant vestlendingane som deltok i undersøkinga, svarte så mange som ein av fire at dei bytte jobb fordi løna var for låg. Det gjer dette til den landsdelen der flest er misnøgde med eige lønsnivå.

LES OGSÅ: Underbetalt og redd for sjefen

– Her på Vestlandet er det mange sektorar med relativt høgt utdannings- og lønsnivå. Kanskje gjer det befolkninga her i vest meir merksame på egen verdi som arbeidstakarar. Eit næringsliv som tener pengar, og tilsette som klarer å verdsetja eige arbeid, vitnar om ein region i vekst, seier Bjarne Jacobsen, dagleg leiar ved Proffice i Bergen.