– Ikkje ekstra fuktig i ungdomspartia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strenge drikkereglar

I kjølvatnet av det som skjedde under Rogaland Venstre sitt årsmøte i februar har det blitt snakka mykje om politikk og alkohol, og ikkje minst om alkohol og mindreårige politikarar.

Sosiologiprofessor og rusforskar Willy Pedersen gjorde i 2008 ei undersøking av rusforbruket blant norsk ungdom, og gjennom denne undersøkinga kom det fram at ungdom som er med i ungdomsparti har eit betydeleg høgare forbruk av rusmiddel enn andre, skriv NRK tidleg i februar.

– Det ser ut til at det har utvikla seg ein del fuktige kulturar i desse organisasjonane, uttala han til NRK.

Vi har snakka med representantar for dei sju største ungdomspartia.

Fredrik Østvang (23) er leiar for Nord-Trøndelag Sosialistisk Ungdom. Han har vore engasjert i politikk i eitt år. Han har opplevd at det har blitt servert alkohol på politiske arrangement i regi av SV.

– Eg har vore på arrangement i regi av SV, kor det har vore muleg å kjøpe alkohol for dei over 18 år. Eg har opplevd det same på fagforeiningsmøte i LO, fortel Østvang.

Sosialistisk Ungdom (SU) er eitt av tre ungdomsparti som har totalforbod mot alkohol på sine arrangement.

– Eg har vore på fleire SU-arrangement, og det har eigentleg aldri vore eit tema at det ikkje skal drikkast alkohol. Vi har det like koseleg utan alkohol. I det yngre Noreg har det utvikla seg ein generell kultur, som handlar om at ungdom skal ut og drikke kvar helg, det er synd å sjå, seier SU-politikaren.

Måtehald i politikken
Kristin Brattli blir snart 23 år, og har vore engasjert i politikk heilt sidan ho var 15 år. Ho er i dag leiar av Nordland KrFU. Dette ungdomspartiet har også totalforbod mot alkohol på arrangementa sine. Ho har opplevd alkoholservering på politiske arrangement elles, som til dømes på fylkesordføraren sin middag, kor det blir servert anten eit glas konjakk eller likør etter middagen.

– Ein ting er at det blir servert ei eining med alkohol som dessert, ein annan ting er ein festmiddag, kor ein tar av i høve alkoholmengde. Då er ein på feil spor. Kor oppegåande blir ein då til å drive med politikk dagen etter, spør Brattli.

LES OGSÅ: Avhaldsrørsla i medvind

Han har vore politisk engasjert i snart ni år. Eivind Nævdal-Bolstad (24) frå Odda har vore innom både AUF og Unge Venstre, før han fann sin plass i Unge Høgre. Nævdal-Bolstad har opplevd alkoholservering på politiske arrangement.

– For mange er det svært naturleg å nyte alkohol ved til dømes landsmøtemiddagar, og det synest eg er heilt ok, seier han.

Unge Høgre-politikaren er ikkje heilt samd i konklusjonen til rusforskar Willy Pedersen.

– Det er viktig å hugse på at det store fleirtalet av alt ein arrangerer i ungdomsparti er alkoholfritt. Det vanlegaste er skulering og møte på ettermiddagane rundt omkring i heile landet. Å prøve å framstille ungdomspolitikarar som ein gjeng som bare festar, vitnar om lita forståing for korleis ungdomspartia faktisk jobbar, slår Nævdal-Bolstad fast.

Modne ungdomspolitikarar
Han er ikkje som Østvang og Brattli samd i at alle ungdomspartia burde ha totalforbod mot alkohol.

– Mi erfaring frå Unge Høgre er at vi har modne ungdomspolitikarar som har respekt for norsk lov. Og eg har aldri opplevd noko forventning eller press om at ein måtte drikke. Det er faktisk skulering og politikk som er i fokus. Det at vi over 18 tar oss eit par glas vin til maten, har eg aldri fått nokre negative reaksjonar på, seier den unge Høgre-politikaren, som i dag er varaordførar i Volda og 1. vararepresentant til Stortinget for Hordaland.

Robert Nordli (24) er leiar av fylkesstyret for Østfold Senterungdom. Han har vore medlem av Sp sidan 2009.

LES OGSÅ: Drikk mest, studerer minst

– Så lenge serveringa av alkohol på politiske arrangement føregår i kontrollerte former og norsk lov blir følgt, ser eg ikkje på det som noko problem. Men ein må ha klare retningslinjer, er hans kommentar til spørsmålet om alkoholservering på politiske arrangement.

Når det gjeld uttalen frå rusforskar Willy Pedersen, har Nordli følgjande kommentar:

– Det har vore nokre hendingar ein kunne vore utan i nokre parti, men personleg synest eg ikkje det har utvikla seg nokon fuktig kultur i dei politiske ungdomsorganisasjonane.

Sjølvsagt med alkoholforbod
Linn Kristin Engø (18) er leiar av AUF i Hordaland og har vore medlem av ungdomspartiet i tre år.

– I AUF har vi alkoholforbod på møta og arrangementa våre. Kva folk gjer utanom møta kan ikkje AUF styre. Eg trur ikkje at medlemer av politiske ungdomsorganisasjonar drikk meir enn andre ungdommar. Nå kan ein sjølvsagt problematisere den generelle drikkekulturen blant norsk ungdom, men eg trur ikkje kulturen i ungdomsorganisasjonane er meir fuktig enn i andre miljø, seier ho til påstanden frå rusforskar Pedersen.

– Eg synest det burde vore sjølvsagt med alkoholforbod i organisasjonar kor ein stor del av medlemene er under 18 år. Det handlar om å inkludere alle. Eg trur ingen ungdomsparti ønskjer at ungdommar under 18 år skal føle seg pressa til å drikke alkohol på møta deira. Då er alkoholforbod ein grei regel, held ho fram.

LES OGSÅ: Vil stengja kranane klokka 2

Leiar i FpU Hedmark, Katrine Jakobsen Solberg (18), meldte seg inn i Frp då ho var 15 år. Ho synest det er greitt med alkoholservering på politiske arrangement, så lenge folk som ikkje er myndige ikkje får drikke.

– Kva synest du om at det blir servert alkohol til mindreårige under politiske arrangement?

– Det skal ikkje skje i FpU, og eg synest ikkje det skal skje i noko anna parti heller. Det skal bare mangle at ein har reglar rundt dette. Som eit politisk parti er det ekstremt viktig at ein følgjer norske lovar og reglar, slår Jakobsen Solberg fast.

Det sosiale er viktig
Ho kan fortelje at FpU har eit streng alkoholreglement, kor både personen under 18 år som drikk og eventuelt den personen som har gitt alkohol til mindreårige blir straffa, til dømes gjennom utestenging ein periode.

Ho flirer litt av påstanden frå rusforskaren om fuktige kulturar i politiske ungdomsorganisasjonar.

– Smak og behag. Eg synest ikkje det. Det sosiale på kvelden er viktig, for det er då ein blir kjend med andre. Eg synest ikkje det gjer noko, så lenge ein følgjer norske lovar, seier Jakobsen Solberg.

Alle dei føregåande ungdomspolitikarane fortel at dei aldri sjølv har opplevd å bli servert alkohol som mindreårig, eller har opplevd at andre mindreårige har blitt servert alkohol under politiske arrangement.

Alle uttalar frå ungdomsorganisasjonen i Venstre kjem frå leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn (24), etter hendinga på Rogaland Venstre sitt årsmøte. Han har vore politisk engasjert sidan 2007. Han har ikkje vore involvert i politikk sjølv som mindreårig.

Har opplevd at mindreårige har drukke
– Eg har ikkje opplevd at mindreårige har blitt servert alkohol under politiske arrangement, men eg har opplevd at mindreårige har nytta alkohol under politiske arrangement. Alkohol dei har hatt med seg sjølv, og som dei har nytta til dømes på hotellrommet, fortel Unge Venstre-leiaren.

Som alle dei andre ungdomspolitikarane er han imot servering av alkohol til mindreårige, men når det gjeld alkoholservering til myndige personar har han følgjande kommentar:

– Vi har ein styringsfilosofi i Venstre som handlar om fridom under ansvar. Som vaksen borgar er det lov å drikke, men ein må vere medviten ansvaret sitt, spesielt om det er mindreårige til stades. Vanlegvis i Unge Venstre tillèt vi ikkje alkohol, og på arrangement der dette er tillate, som til dømes landsmøtemiddagen, blir det sanksjonert om ein ikkje klarer å følgje reglane. Etter arrangement med alkohol er det også evaluering, og som eit resultat av det har vi hatt ei innstraming, sjølv om vi ikkje har forbod.

– Kva synest du om påstanden frå Willy Pedersen om at det har utvikla seg ein del fuktige kulturar i dei politiske ungdomsorganisasjonane?

– Eg trur nok kanskje at ungdomspolitikarar drikk meir enn gjennomsnittet, men kva som er bakgrunnen for det kan vere vanskeleg å seie. Ei av årsakene kan vere at politiske ungdomsorganisasjonar har eit breidt aldersspekter, med mange over 18 år og nokre under. Det blir litt annleis i til dømes idretten, der ein har aldersinndelte lag. I ungdomspolitikken er det også eit tett samarbied med moderpartiet med mellom anna fellesarrangement. Eg meiner det er ei styrke at ungdom får delta på lik linje med vaksne, men då blir jo også aldersspreiinga endå større, svarer Rotevatn.

LES OGSÅ: Edru ungdomstid

Han meiner dei politiske ungdomsorganisasjonane sjølve skal bestemme om dei ønskjer eit totalforbod mot alkohol eller ikkje.

– Vi i Unge Venstre har ikkje eit slikt forbod, og det har vi vald. Det har med kultur og alderssamansetning å gjere. Unge Venstre har ein god balanse, sjølv om vi ikkje har totalforbod. Vi ønskjer å gjere det trygt for alle, med gode rusfrie alternativ med mange edrue vaksenpersonar. Dessutan er ikkje eit forbod det same som kva som skjer i røynda. Viss eit parti har alkoholforbod, hendar det at ungdommar går ut på byen og drikk etter at det formelle med arrangementet er over, peikar Rotevatn på.

Les saka i Magasinett!

Bør det vera alkoholforbod på arrangement i regi av ungdomsparti?