– Musikk og politikk heng saman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Musikk og politikk heng i hop

Stipendiat Torgeir Nærland ved Universitetet i Bergen arbeider for tida med ein doktorgrad om musikk og politikk.

– Eg ville sjå i kva grad ein kan finna ein samanheng mellom musikksmak og politisk orientering. Det er difor eg har byrja med å sjå på ytterpunkta Framstegspartiets Ungdom (FpU) og Raud Ungdom (RU), det er nok her ein finn dei tydelegaste skilnadene, seier han til NRK.

Ei grundig spørjeundersøking blant alle ungdomspolitikarane i dei to partia med verv på riks-, fylkes- og lokalnivå, viser at Gatas Parlament hamnar på topp blant ungdomspolitikarane i RU, medan Postgirobygget er det bandet som er mest verdsett hos FpU.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Ein av konklusjonane til Nærland er at RU avviser grupper og sjangrar som er sterkt knytte til musikkindustrien, medan denne typen musikk ikkje er eit problem for FpU. Dette samsvarar med trekk i politikken til dei to partia, meiner han.

– Støyen hos RU kan setjast i samanheng med det revolusjonære partiet står for, medan avvisinga av musikkindustrien responderer til antikapitalismen. Dette er opplagde samanhengar, seier han.

På same måten meiner han at aksepten for produkta til musikkindustrien i FpU passar med den marknadsliberalistiske orienteringa til partiet. (©NPK)