Jentene sine nye førebilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Squats! Heilt ned!

Det skal vere «ass to the grass». Instruktørane passar på at teknikken sit, blodårene bular og sveitta piplar. Tungt. Hardt. Tempo!

– Knebøy der du skal ned i sittande og ta to hundre repetisjonar utan vekter, etterfølgt av diverse såkalla shapingøvingar for mage, rumpe og lår, ser vi lite av i dag, seier Hege Wiers Gjerde.

Ho er avdelingsleiar på Årstad treningssenter og fagansvarleg for gruppetreninga i Studentidretten i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Timeplanane på dei ulike sentra vert stadig fylde med nye styrketimar, noko som er i tråd med den veksande trenden når det gjeld jenter og trening.

– Det er ein gammal tradisjon at jenter i hovudsak trenar kondisjon, medan gutane dominerer styrkeavdelinga, meiner Thomas Mountjoy.

Doktorgradstipendiaten i sosialantropologi brukar mykje av fritida si på Vektertorget trenings- og kompetansesenter, der han mellom anna oppmodar til velting av traktordekk og runddans med kanonkuler.

Ikkje meir «shaping»
Okay, det kan kanskje vere på sin plass med nokre små spesifiseringar, sånn for ordens skuld.

Squats er engelsk for styrkeøvinga knebøy.

Kanonkuler med handtak vert kalla kettlebells, har sitt opphav i Russland og kjem i ei rekke tyngder, fargar og storleikar. Ein gnir hendene i magnesium for betre grep rundt handtaket.

CrossFit er eit treningskonsept basert på grunnleggjande kroppsrøyrsler supplert med tunge vekter, og utført med høg intensitet.

Og gruppetimar på treningssenter vert jamt over dominert av jenter. Derav dei noko udelt kjønnsspesifiserte omgrepa som «fitnessjenter» og «shaping».

– Vektertorget har lenge vore det litt «røffare» av SiB sine treningssenter, og gruppetimane der er i stor grad styrketimar framfor aerobic, step og liknande. Statistisk sett er det flest jenter som går på slike timar uansett variant, seier avdelingsleiar Rune Solstad.

Han ser ned på timeplanen. Peikar ut nokre passande timar for dei som er ferske på styrketrening, og som med tid vil kunne trene på eiga hand i styrkearealet.

– «Råsterk» går ut på å løfte sandsekkar, velte traktordekk og sånt. Der er det òg flest jenter. Prøv det!

Som sagt, så gjort
Smil blir til grimasar som igjen blir til fortviling. Traktordekket er dobbelt så tungt som fleire av utfordrarane. Minst.

– Øvingar vi har nytte av i kvardagen, og som aktiverer heile kroppen, seier Mountjoy.

– Ein god miks av styrke og uthaldande trening. Mange fysiologiske fordelar, seier idrettsstudent ved Høgskolen i Bergen (HiB), Eva Kristin Eikeland.

– Styrketrening utan avansert treningsutstyr er vorte allemannskost.At det er kosmetisk effektivt er òg ein sentral medverknad, seier Solstad.

Litt sånn tilbake til naturen-aktivitet då, med andre ord. Her må det etast havregraut. Det skal byggjast jentemusklar, og ikkje berre i Bergen. Dette er ein tendens som famnar ei heil verd.

Det skal vere intensivt
«Ass to the grass» er berre ei av mange øvingar Elisabeth Toresen gjer medan trenarane frå CrossFit Bergen står ved sida av og gaular. Det krev full innsats. Og det skal svi.

– Eg likar at det er intensivt og at styrketrening på same tid kan vere uthaldande. Gøy, synest Toresen.

Og det er nettopp her opphavet til tendensen ligg, trur instruktør Mountjoy.

– Jenter likar det effektivt. Gjennom å trene styrke med høg intensitet, trenar ein òg kondisjon og vil dermed ha større treningsutbytte. Trening som gir raskare resultat fortonar seg som suksessfull, og bodskapet vert spreidd.

Fengjande namn er heller ikkje feil for å motivere jenter, meiner fagansvarleg Wiers Gjerde, som nyleg lanserte saltimen «lunch and crunch». Danseforma zumba har hatt nokre år i høgsetet, og konseptet CrossFit ser ut til å ha kome for å bli. Den kommersielle treningssenterkjeden Elixia lovar usannsynleg høg forbrenningsfaktor i halvtimen, «500 kcal», og bootcamp er utvilsamt designa for dei som likar den røffe og harde militærstilen. Men blir ein for alvor «Råsterk» av denne sandsekkløftinga og dekkveltinga?

Høgskulestudenten Eikeland bit tennene hardt, hardt saman og vrengjer andletet i si mest ukontrollerte grimase. Det må då vere muleg å få løfta dette dekket, sjølv med blond hestehale og rosa t-skjorte. Og det går til slutt.

– Eg merkar at innstillinga blant jentene er i endring. Før var det gjerne berre meg og gutane i frivektavdelinga, men no kjem fleire til. Gruppetimane fungerer som ein lågare terskel for å kome i gong med hardare styrketrening, samstundes som dei fysiologiske fordela, er vorte meir kjende, seier Eikeland.

– Ikkje ver redd
Forutan forseinka aldringsprosess, ein sterk og definert kropp og overskot til andre daglege gjeremål, trekk den komande treningsvegleiaren fram utmatting som ein av fordelane ved intensiv styrketrening.

– Du kjenner deg sliten på ein heilt annan måte enn dersom du tek ein joggetur. Ein kjenner på arbeidet ein har gjort sjølv om økta i seg sjølv er over, seier Eikeland.

Etter å ha løfta rundt på sandsekkane og traktordekka, får jentene lov til høvesvis å kaste dei i bakken og hoppe på dei. Eittminuttsintervallar høyrest greitt nok ut, men dei gjer sitt til at det svir. Det gjer litt godt å vite at sausen over havregrauten er vel fortent. Og at magnesiumen kan vaskast vekk frå tightsen.

– Nokre jenter er framleis redde for å verte store og maskuline dersom dei trenar styrke. Det er det lite poeng i, då slike resultat krev målretta innsats, meiner Eikeland.

Tom Mountjoy er på same lag.

– Med riktig teknikk og fokus på mobilitet, vil ein vere i stand til å byggje opp eiga trening i forhold til måla ein vil nå. Dette kan ta litt tid, men styrketrening med høg intensitet er vegen å gå for mange som ønskjer å finne det som funkar best og som gir mest utbytte.

LES SAKA I STUDVEST!