Utset snarveg til Oslo med 20 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei førebels kostnadsoverslaga for den nye jernbanetraseen mellom Sandvika og Hønefoss er på 13 milliardar kroner. Men sjølv med 45 prosents vekst i budsjetta blir Ringeriksbanen for dyr for Jernbaneverket, går det fram av den nasjonale transportplanen for 2014– 2023, som regjeringa la fram onsdag.

Ein vekst i løyvingane på 45 prosent er det mest optimistiske av scenarioa som Jernbaneverket har vurdert, men ikkje ein gong der er det plass til ein Ringeriksbane.

Traseen for Ringeriksbanen over Sollihøgda vart vedtatt av Stortinget i 2002, og banen har sidan vore prioritert i alle transportplanane i åra etter.

– Ufatteleg og overraskande
Kommunalråd Dag Skansen (H) i Bergen kommune seier til Bergens Tidende at framlegget er ufatteleg og overraskande.

– Dersom dei ikkje legg fram alternative løysingar for strekninga mellom Bergen og Oslo, er det mildt sagt oppsiktsvekkjande.

Då satsar ein ikkje på jernbanen, verken når det gjeld gods- eller persontrafikk, seier Skansen, som er leiar for aksjonsgruppa Bergensbanen 4 timer.

SJÅ ALLE FORSLAGA I NASJONAL TRANSPORTPLAN!