Eksporterer desidert mest i vest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire gonger meir enn i Oslo

Verdien av eksport frå Møre og Romsdal utgjer 235.000 kroner per innbyggjar, viser ein fersk rapport. På plassane bak følgjer Hordaland, Vest-Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane – sjølv om verdien av olje og gass ikkje er med.

Éin sysselsett i Søndre Sunnmøre genererer i snitt over fire gonger så store eksportinntekter som éin sysselsett i Oslo, ifølgje rapporten frå Menon Business Economics.

Sunnmøre og Kongsberg
Det er første gong ein har studert korleis eksportinntekter inkludert tenester er fordelt på regionane. Tenester står no for halvparten av den samla norske eksporten, frårekna olje og gass.

LES OGSÅ: Distrikta meir nyskapande enn Oslo

Søndre Sunnmøre, Kongsberg og Sunnhordland er regionane med høgast eksportgrad.

Innlandet har desidert lågast grad av eksport, med Hamar og Valdres på botn.

Næringsstruktur, klyngemekanismar, utdanningsnivå og produktivitet er dei viktigaste forklaringane på forskjellar i eksport mellom regionane, ifølgje rapporten.

LES OGSÅ: Dette er ein attraktiv kommune

– Må få følgjer
Område med spreidd busetnad står klart fram som mest eksportintensive. Desse områda har høgast grad av eksport, høgast eksport per innbyggjar og høgast eksport per sysselsett i næringslivet.

Det er Kommunal- og regionaldepartementet som har bede om rapporten, og statsråd Liv Signe Navarsete meiner den viser kor store verdiar regionane utanom storbyane tilfører landet.

– Dette må følgjer mellom anna for samferdslepolitikken, seier ho til Bergens Tidende, som først omtala rapporten.

Bør staten ta meir omsyn til kva område som eksporterer mest, når ein fordeler pengar til samferdsle?