Englebyen til Danmark

Erika Fatland ser fram til boklansering i Danmark 7.mars. Dette er første gang ho utgir bok utanlands.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erika Fatland si bok, Englebyen har gjort stort inntrykk på både lesarar og kritikarar etter at boka kom ut i juli 2011, berre halvanna veke før det braka laus i regjeringskvartalet og på Utøya.

Fatland vart også nominert til Brageprisen for boka som tek oss tilbake til Beslan i Nord-Kaukasus, i 2004 og dramaet som utspant seg på Skule nr. 1. Heile verda følgde med på tragedien som varte i tre dagar og som enda opp med at 186 born og 147 vaksne vart drepne.

No skal også danskane få oppleva dramaet og livet ettrpå for dei som sat tomhendt att etter tragedien, gjennom boka til Fatland, som 7. mars skal lanserast i Danmark.

– Eg er veldig spent på danskane si mottaking av boka. Dette er det første landet som lanserer boka, men til hausten kjem Englebyen også ut i Sverige og i Nederland, seier Fatland.

Ho kan opplysa om at Tyskland også har kjøpt rettkome til boka, og boka vil etterkvart bli å finna i tyske bokbutikkar.

Fatland som for tida er i Lofoten for å skriva bok om tragedien på Utøya, kjem til å reisa til Danmark neste veke for å vera med på lanseringa av Englebyen. Etter danmarksopphaldet går turen tilbake til Lofoten, der ho har fått midlertidig bustadadresse for å skriva ferdig boka ho held på med no.

Boka om Utøya kjem samtidig i butikkane både i Noreg og Danmark til hausten.

LES SAKA I GRANNAR!