Dumdum Boys til Vinjerock

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rockens høvdingar i Noreg er klare for fjelltur, og skal avslutte laurdagen på årets utgåve av Vinjerock.

Allereie fredag kjem den første singelen til DumDum Boys frå studioalbumet «Ti Liv», som kjem i mai.

Singelen heiter «Tre er to for mye», og alt torsdag la veteranbandet han ut som gåve til fansen på nettsida si.

Både singel og album er produsert av Bent Sæther i Motorpsycho. Ifølgje plateselskapet har bandet hatt det «usedvanlig fett i studio», noko som også er dokumentert i ein video frå innspelinga.

På turné
Til sommaren blir det stor DumDum-turné, der ein førebels har stadfesta 20 datoar frå juni til august. Bandet skal mellom anna spele på Bryne/Jærnåtta 1. juni, på Nordfjordeid/Malakoff Rockfestival 20. juli, på Eidsbugarden/Vinjerock 21. juli og på Sotra/Periferifestivalen 25. august.

– Det soleklart mest etterspurde bandet kvart einaste år, fortel festivalleiar Eirik Høyme Rogn i ei pressemelding.

Dumdum Boys toppa plakaten på den fyrste festivalen for seks år sidan, og har sidan den gong vore ein gjengangar på ynskjelistene til festivalpublikummet i høgfjellet.

– For dei som var der den gongen står nok den konserten øvst på lista over magiske stunder. Eg hugsar framleis den surrealistiske kjensla av å sjå nokon av mine største rockeheltar openbare seg bak sceneteppet, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn, og mimrar attende den fyrste Vinjerock-kvelden nokon sinne i 2006.

– Eg har ikkje tal på kor mange hundre ynskjer vi har fått om ein ny Dumdum-konsert til fjells. Difor er det ekstra stas å no kunne by opp til dans på ny, slår festivalsjefen fornøgd fast.

LES OGSÅ: Vinjerock utsled på 3 timar

Halvvegs i lista
Festivalsjefen kan fortelje at fleire artistslepp er i vente i vekene som kjem.

– No har vi sluppe om lag halvparten av artistane til årets festival. Mange fleire vil bli lansert i tida fram mot påske, blant anna den siste headlineren.

ARE KALVØ: Dumdum Boys og islam – ei analyse

Også dei andre brikkene i festivalprogrammet er i ferd med å falle på plass. Både aktivitetsprogrammet og litteraturprogrammet tek form i desse dagar.

– Mesteparten blir ferdigstilt og lansert i løpet av mars og april, slår Høyme Rogn fornøgd fast.

Faktaboks

Vinjerock 2012 går av stabelen frå 19. til 21. juli.

Desse artistane er førebels klare: Dumdum Boys, Kaizers Orchestra, Sondre Lerche, Montée, Jonas Alaska, Ila Auto, Staut, Bare Egil Band, El Cuero, Rumble in Rhodos, Fagernes Yacht Klubb, Ugle.