Journalistikk som gjev lesarane håp og glede, har større gjennomslagskraft, viser ny masteroppgåve.

mm

Negative nyheiter kan skremme lesarane vekk. Det kjem fram av ei masteroppgåve i psykologi, skrive av den danske journalisten Cathrine Gyldensted.

– Forsøkspersonane peika på at ein vart i veldig dårleg humør av å lese dei klassiske, negative nyheitshistoriene. Dei vart uengasjerte og fekk ikkje lyst til å lese meir, forklarar Cathrine Gyldensted til videnskap.dk.

Cathrine Gyldensted gjorde eit forsøk der ho skreiv seks artiklar om store nedskjeringar i tilskotet til dei amerikanske suppekjøkkena, alle med varierande grad av negativitet.

Med 710 forsøkspersonar (408 menn, 298 kvinner, 4 utan oppgjeve kjønn), der 186 var frå USA, 486 frå India, and 58 frå diverse andre land, fekk ho eit representativt utval.

Lesarane vendar attende til positive nyheiter
I ein økonomisk pressa bransje der fleire og fleire flyktar frå avisabonnement og finn nyheiter på alternativt vis, meiner Cathrine Gyldensted at det er på tide at gå i seg sjølv.

– I oppgåva mi legg eg stor vekt på dei økonomiske fordelane det har å leggje ei ny line i journalistikken. Mykje kan tyde på at fleire lesarar vendar attende om dei les artikler som gjev dei håp eller ser innslag som er positive, held ho fram overfor videnskab.dk.

Forsøkspersonane meinte at dei artiklane som var hovudsakleg positive var dei mest rette og gav det mest realistiske biletet av historia.

LES OGSÅ: Desse avisene auka mest

«Fange skurken»

Skandalar som Watergate og offentleggjeringa av Pentagon Papers blir sett på som det ypperste av moderne journalistikk. Det fører til at nyheitsjournalistikken i dag handlar kun om å "fange skurken".

– Eg trur at denne såkalla «gullalderen» har hatt ei negativ påverknad på vår evne til å innovere journalistikken som eit yrke, sidan dette skapa ein negativ spiral og ei negativ tenkjing som held fram i dag, skriv ho i masteroppgåva.

Masteroppgåva om positiv psykologi i nyheitsformidling har ho tatt ved det kjente University of Pennsylvania, som har nokre av verdas beste forskarar innanfor positiv psykologi.

LES OGSÅ: – Fjernsyn dødt om fem år

Positiv nyheitspsykologi inn på skulane
– Ein god journalist kan dyktig og bevisst bruke negativitet og positivitet og dermed styrke kvaliteten på arbeidet og arbeidsplassen sin i tråd med vår etiske kode. Journalistikk på sitt beste er ein sentral aktør i eit demokrati.

"Vi kan ikkje vere likeglade som journalistar, for vi utholar vår eigen profesjon om folk vel oss på grunn av vår einsidige negativitet", skriv ho.

Cathrine Gyldensteds draum er at dei som studerer på journalistikkens utdanningsstader skal lære å meistre den positive nyheitsformidlinga, og at tankesettet blir implementert ute i redaksjonane.

LES OGSÅ: Få vil betale for nyhende på nett

Utilsikta konsekvensar
Elisabeth Eide, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, seier til Framtida.no at negative nyheiter kan gi utilsikta konsekvensar.

– Det er mykje tale om negative nyheiter, at tog går i rute er ikkje verd å skrive om. Slik er det sjølvsagt. Men på andre område kan ein tenkje seg at den negative vinklinga får konsekvenser som kanskje er utilsikta.

– Til dømes får ein sjeldan høyre om alt det positive som skjer i helse-Noreg, om ein då ikkje, som eg, skulle få vite om det frå slektningar som har gode erfaringar frå sjukehus og annan omsorg. Slik kan mange tru at heile helseområdet er i permanent krisetilstand.

LES OGSÅ: Rekordår for klager på media

Ho nemner at Dagsavisen hadde ein serie om positive hendingar og tilstandar for ikkje lenge sidan, men dette er eit særskilt unntak.

– Eit anna døme er i krigs- og konfliktsituasjonar; de vert mykje fokus på vald og vapen, mindre på den evna folk har til å overleve, og til å hjelpe kvarandre, som til dømes i Afghanistan og Pakistan. Kva slike fokus gjer med tenkinga vår om folk i desse landa, bør bli emne for meir forsking, påpeikar Eide.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE